FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 29. OKTOBER 2020
Mållaget i Kristiansand
E-post: ronnyrogn @ hotmail.com

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Lovane 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Frå interiøret i lagsstova Kontakt oss

Årsmøteprotokoll 2015

 (20.02.2015)

 

Protokoll frå årsmøte tysdag 17. februar 2015

 

16 av lagsmedlemene hadde møtt fram, inkl. styret og reiseskrivaren frå Mållaga på Agder.

Sak 1: Opning med godkjenning av innkalling og sakliste

Leiar Solveig Lima ynskte velkomen til årsmøtet. Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent.

Sak 2: Val av møtestyrar

Leiv Storesletten vart vald til møtestyrar.

Sak 3: Val av skrivar

Borghild Løver vart vald til møteskrivar.

Sak 4: Val av to til å skrive under møteprotokollen

Årsmøtelyden valde Øyvind Grov og Maria Viken til å skrive under møteprotokollen.

Sak 5: Årsmelding for lagsdrifta

Svein Slettan las opp årsmeldinga, som vart godkjend utan merknader.

Sak 6: Rekneskapen for lagsdrifta

Lagsrekneskapen vart gjennomgått av Solveig Lima. Embret Nesset hadde revidert og underteikna rekneskapen i staden for firmaet Revisjon Sør, då ein slik rekneskap ikkje krev autorisert revisor. Styret presiserte at ikkje journaliststipendet er slutt, det er berre ein løyvingsstogg no under den verste ombyggingsperioden og innhentinga av nye leigetakarar. Årsmøtet godkjende samrøystes den reviderte rekneskapen.

Sak 7: Budsjett for 2015

Solveig Lima greidde ut om budsjettet for laget i 2015, der utgiftene og inntektene balanserer med 321.000. Viktig at neste års budsjett (2016) opnar opp for løyving til journaliststipend att. Årsmøtet godkjende budsjettet samrøystes.

Sak 8: Orientering om omlegging av drifta til lutlag

Olav Molland orienterte om dei store endringane som har skjedd på huset, i forretningsdrifta og i laget. Selskapsforma på drifta er endra frå Sameige til eit AS saman med BUL-Kristiansand, og i tillegg har det vore store ombyggingar på huset i samband med at me fekk inn nye leigetakarar (bispekontoret og Willijuice).

Årsmøtet godkjende orienteringa med akklamasjon for Olav Molland.

Sak 9: Lovframlegg

Olav Molland la fram lovframlegget og bakgrunnen for at lovene måtte oppdaterast. Frå ein av lagsmedlemene var det komen inn endra ordstilling på §7 som gav betre språk og inga meiningsendring, og dette vart difor teken inn. Årsmøtet godkjende lovframlegget samrøystes.

Så var det matøkt med blautkake med marsipan, kaffi og te. Maria Viken og Åge Krohn-Gunnersen frå lyrikklubben las dikt frå Kjell Bjorvatn, Aslaug Ljåstad Lygre og Jakob Sande.

Sak 10: Val

Leiar for eitt år: Solveig Lima

Val av tre styremedlemer:

Gyro Irene Nesland (ny for 2 år)

Svein Slettan (attval for 2 år)

Targeir Attestog (ny for 1 år)

Frå før står (ikkje på val, eitt år att): Tobbi Kvaale, Jan Petter Horn og Kjellaug Kvalsvik.

Val av varamedlemer for eitt år:

Leiv Storesletten (1. vara)

Anne Tone Hageland (2. vara)

Martin Skjekkeland (3. vara)

Kjellbjørg Auestad (4. vara)

Val av valnemnd (for 1 år): Øyvind Grov, Bjug Åkre og Hilda Helene Neset.

Val av 6 utsendingar til fylkesårsmøtet i april: Maria Viken vart vald under årsmøtet, og styret fekk fullmakt til å velje resten av utsendingane.

Val av revisor for lagsrekneskapen: Øyvind Grov

Alle vart samrøystes valde.

Sak 11: Innkomne saker

Det var ingen innkomne saker.

Flotte blomar vart delt ut til Anne Austad, Olav Molland, Maria Viken, Leiv Storesletten og Solveig Lima.

 

     

Øyvind Grov                                           Maria Viken

 

 

 

 

 

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS