FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 29. OKTOBER 2020
Mållaget i Kristiansand
E-post: ronnyrogn @ hotmail.com

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Lovane 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Frå interiøret i lagsstova Kontakt oss

Årsmelding 2014

 (19.02.2015)

 

Årsmelding for 2014

 

Sidan siste årsmøte 18. februar 2014 har styret vore samansett slik:

Solveig Lima leiar (skulemåls- og heimesideansvarleg)

Svein Slettan nestleiar

Anne Austad Styremedlem

Olav Molland styremedlem, (leiar i Gyldenløvesgate 11 Eigedom AS)

Tobbi Kvaale styremedlem

Jan Petter Horn styremedlem

Kjellaug Kvalsvik styremedlem

Dagleg leiar, Borghild Løver, hadde permisjon fram til 1. august. Svein Slettan og Solveig Lima har delt på oppgåvene hennar som skrivar og kasserar.

Varafolk valde for eitt år:

1. Hilda Helene Neset 2. Anne Tone Hageland

1. Leiv Storesletten 2. Åsmund Olaf Unhjem

Utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag, Gardermoen 4. - 6. april 2014:

Leiv Storesletten og Solveig Lima.

Utsendingar til årsmøtet i Vest-Agder Mållag, Hornnes 22. mars 2014:

Åsmund Olaf Unhjem, Bjug Åkre, Solveig Lima, Svein Slettan, Maria Viken og Tobbi Kvaale.

Styret i Mållaget utgjer no saman med styret i BUL generalforsamlinga i

Gyldenløvesgate 11 Eigedom AS.

 

Mållagsaktivitet

Det har vore 10 styremøte med til saman 55 saker. Laget har hatt 8 lagsmøte (inkl. årsmøtet 18. februar), nynorsk gudsteneste og dessutan vore medarrangør for konserten «Eit meistermøte» 20. september i Kristiansand domkyrkje.

Kor mange som har møtt fram på lagsmøta, har variert frå 20 - 30 til 60 - 70.

  • 21. januar: Lagsmøte: Vibeke Lauritsen: Om nettstaden Allkunne – og om erfaringane hennar med nynorsk i vgs.

  • 18. februar: Årsmøte. Diktlesing v/Maria Viken.

  • 18. mars: Lagsmøte: Cecilie Seiness: «Jon Fosse. Poet på Guds jord». Dikt av Jon Fosse framført av Maria Viken

  • 29. april: Lagsmøte: Arne Torp: «Ivar Aasen på Agder i 1840-åra og talemålet på Agder i dag – likt eller ulikt» Song av BUL-koret.

  • 25. mai: Nynorsk gudsteneste i Kristiansand domkyrkje ved Torleiv Austad

med kyrkjekaffi i Mållagssalen etterpå.

  • 16. september: Lagsmøte: Leiv Storesletten: «Nils Henrik Abel – geniet frå Agder»

Song av BUL-koret.

  • 20. september: Medarrangør for konserten i Kristiansand domkyrkje: «Eit meistermøte» med Iver Kleive, Sondre Bratland og Sigmund Groven.

  • 14. oktober: Lagsmøte med paneldebatt: Bruk av engelsk og framandord i staden for god norsk? Hovudinnleiar: Thore Roksvold, frå HiOA, Liv Iren Hognestad, NLA Mediehøgskolen Gimlekollen, Pål Tegnander, NRK-Sørlandet og Kjetil Reite, Fvn.

  • 11.november: Lagsmøte: Ernst Håkon Jahr: «Ivar Aasens språkprosjekt som nasjonsbygging» Jan Berg spela piano til Aasen-songar.

  • Julemøte med eit kåseri av Alf Holmelid: Nynorsk i næringslivet

Denne gongen var det bare 34 påmeldte til julemøtet, og menyen var som i fjor:

Juletallerken frå Studenten Catering med kaker etterpå. Borghild Løver hadde sytt for juletre, og Lasse Stray spelte til julesongane.

 

Nynorske barnebøker har også dette året blitt kjøpt inn til Mållaget. Me har ca 200 ulike titlar, og ca 300 bøker tilsaman.

I 2014 var to skular som har nytta seg av desse bøkene i samband med leseprosjekt: 5. trinn på Lovisenlund og 7. trinn på Hånes. Dei har fått tilbod om utlån og presentasjon og har etter tur lånt 100 – 150 nynorske bøker av svært ulik vanskegrad.

Sidan 2012 har Bergtorasvei barnehage halde fram med å låne nynorske biletbøker som blir skifta ut to gonger i året.

 

Samarbeidd med Domkyrkja: Sidan 2010 har laget samarbeidd med Domkyrkja om ei nynorsk gudsteneste med kyrkjekaffi Mållagssalen etterpå. Det var Ragnhild Mydland som fyrst hadde kontakt med menighetsrådet i høve 125-års jubileet for Domkyrkja. Leiv Storesletten overtok og har hatt god kontakt med kyrkja og kome med framlegg til folk som kan halde gudsteneste.

Domkyrkja v/ Emil Otto Syvertsen tok kontakt om me var interessert i samarbeid om konserten 20. september 2014.

Kjellaug Kvalsvik vart vald frå styret til å samarbeide om ein nynorsk salmekveld. Denne vert i 2015.

 

Kransnedlegging ved Jørgen Løvlands byste i Wergelandsparken 17. mai har no vorte ein tradisjon. Det var Bjug Åkre som i februar 2012 gjorde 17. mai-komitéen merksam på at det burde vere ei markering her. Etter Bjug Åkre (2012) og Sylfest Lomheim (2013), heldt Ernst Håkon Jahr tale i 2014 og la ned krans.

 

Heimeside: Mållaget har også si eiga heimeside der me skriv om møteverksemd og anna som føregår i Mållaget. Her finn ein under Arkiv bilete og artiklar tilbake til 2007. www.nm.no/lag/mallaget-i-kristiansand

 

Lyrikkgruppa hadde 16 samlingar i året som gjekk med Maria Viken som hovudansvarleg for samlingane, eit flott tiltak for lyrikkvener.

 

Heidersmedlemer i laget er Maria Viken, Johannes Sandsdalen, Anne Lise Stensland, Olav Molland og Anne Austad.

 

Verv: Medlemer i laget som har hatt verv på fylkes- eller landsplan i året som har gått:

Styremedlem i Vest-Agder Mållag: Anne Austad.

Medlemer i næringslivsprisjuryen for Mållaga på Agder: Anne Tone Hageland

 

Haustseminaret til Mållaga på Agder var på Ose laurdag 15. november. Temaet var: Målreising i europeisk perspektiv; EU og nynorsk – går det i hop? Grunnlova og folkestyret, ein føresetnad for nynorsken. Edvard Hoem heldt eit greitt innleingsføredrag før han måtte dra for å nå flyet til Oslo. Frå Kristiansand var desse tilstades på seminaret: Anne Austad og Solveig Lima.

På kulturkvelden fredag 14. november møtte i tillegg desse frå Mållaget i Kristiansand: Svein Slettan, Anne Kari Slettan, Astrid Jortveit Horn og Jan Petter Horn. Mange hadde møtt fram for å høyre Edvard Hoem presentere den siste boka si: Slåttekar i himmelen, noko han gjorde på ein levande og engasjerande måte.

Kontordrifta: Borghild Løver har vore dagleg leiar med ansvaret for kontordrifta frå 1. aug. då ho kom tilbake frå morspermisjonen.

Vaktmeister: Ånund Løyland og Birger Poulsen hadde vaktmeisteroppgåvene fram til 1. september då Arne Hagen vart tilsett som vaktmeister.

Løyvingar, stønader:

Heller ikkje i 2014 har det vore mange løyvingar fordi ombygginga i samband med nye leigetakarar har kravd mykje kapital. Det einaste var løyvinga til Domkyrkja i samband med konserten 20. september på 10 000 kr, men her fekk me inn 9000 kr ved billettsal på førehand.

P.g.a. at reiseskrivaren har hatt morspermisjon halve året, er det berre utbetalt kr 100 000 til organisasjonssatsinga på Agder.

Mållaget betalte i 2014 abonnement på Norsk Barneblad til alle 5. klassingane ved Lovisenlund, Karuss og Hånes. I alt vart 111 blad delt ut til desse skulane.

I tillegg betaler laget abonnement på Dag og Tid for to vidaregåande skular: Lister (avd. Lyngdal) og Tangen og for NLA Mediehøgskolen Gimlekollen.

Alle møta våre, både lagsmøte, styremøte og møte i lyrikklubben har heile året vore i 2. høgda i Mållagsbygget i ein kombinert Mållag/BUL-sal. Dette har fungert fint, og fordi det ofte har vore stort frammøte, er me svært glade for denne store salen.

Laget hadde 128 betalande medlemer ved utgangen av 2013, ein mindre enn i fjor.

Styret

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS