FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorsk i barnehagen

 (15.03.2009)

I Kristiansand har Ragnhild Mydland det siste året vore innom fleire barnehagar og lese for borna. Barnehagen har lånt bøkene eit par månader, og borna har synt seg interesserte og ivrige etter å bli lesne for. Av og til må ord forklarast, og dermed får dei ei utviding av ordforrådet.
På årsmøtet for Mållaga på Agder vart det etterlyst titlar over nynorske biletbøker. Dei aller fleste bøkene har me fått gjennom barnebokklubben Blåmann.

Nedanfor finn de eit utval av biletbøker som me har gode erfaringar med både i barnehagen og skulen:

Nynorske biletbøker for dei minste:
Landstrøm, Olof: Bø og Bæ blir våte
Landstrøm, Olof: Bø og Bæ i skogen
Landstrøm, Olof: Bø og Bæ til sjøs
Landstrøm, Olof: Bø og Bæ i festhumør
Landstrøm, Lena: Bø og Bæ får besøk
Lindgren, Barbro: Boka om Benny (Jamen Benny og Neimen Benny)
Lindgren, Barbro: Nøff nøff, Benny (nr3)
Lindgren, Barbro: Bella i barnehagen
Lindgren, Barbro: Påls balje
Lindgren, Barbro: Påls potte
Lindgren, Barbro: Her er det vesle huset
Ross, Tony : Eg vil heim
Ross, Tony: Eg vil ha middagen min!

Nynorske biletbøker for dei litt større (3 – 5 år)
Anderson, Lena: Vesle Pinne får besøk
Auestad, Annlaug: Kuvenninnene
Düzakin, Akin: Lukas bygger olabil
Düzakin, Akin: Kom til Lukas
Janosch: Bymusikantane i Bremen
Landstrøm, Lena: Bø og Bæ får besøk
Landström, Lena og Olof: Fire høner og ein hane
Lindgren, Barbro: Rosa på dagheim
Mathivet, Éric: Mitt dyreatlas
Opedal, Vetle: Flekkmonsteret bygger harefelle
Thomas, Valerie: Bella Bloksberg
Thomas, Valerie: Bellas nye datamaskin
Stai, Kari: Jakob og Neikob
Vandewiele, Agnès: Dinosaurer (I serien: Mine små leksikon)
Velthuijs, Max: Frosken blir redd
Velthuijs, Max: Frosken og den framande
Velthuijs, Max: Frosken og skatten
Vibert-Guigue, Francoise: Brannmenn (I serien: Mine små leksikon)

Mange av bøkene som er sett opp for dei minste, kan svært godt lesast for dei større, t.d. bøkene om Benny og om Bø og Bæ. Til Bøkene om Bø og Bæ og Bella Bloksberg er det laga dokker.

Til desse bøkene er det gitt ut CD: Flekkmonsteret bygger harefelle og Frosken og vennene hans

Ta gjerne kontakt med ein av oss dersom de har spørsmål: Ragnhild Mydland eller Solveig Lima


Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS