FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Barnevandringane på Agder - og filmen Yohan

 (27.03.2009)

Temaet for lagsmøtet i Mållagsstova 17. mars var barnevandringane på Agder – og filmen Yohan. Thyra Ågedal, kulturkonsulent i Audnedal kommune, og regissør og manusforfattar Grethe Salomonsen Hynnekleiv frå Penelope film gav oss ein svært lærerik og interessant kveld.

(Foto Copyright: Penelopefilm/ Simon Mein)

Me fekk eit godt bilete av tilhøva for 100 år sidan då fattige born frå indre bygder i Vest-Agder måtte austover til dei rikare områda i Aust-Agder. Vi fekk også sjå filmklipp og høyre om Penelopefilm si store satsing; YOHAN barnevandreren, Noregs største barnefilmproduksjonen, som bygger på barnevandrarhistoria.

Thyra Ågedal er frå Konsmo, ei bygd der mange av barnevandrarane kom frå, og ho fortalte levande om dei som måtte skiljast frå foreldra og dra frå heimen. Nokre var ikkje eldre enn 6 år. Fattigdomen tvinga foreldra til å sende av garde borna, og foreldra måtte ofte gjere seg harde når dei små gret og ikkje ville bli med den framande som henta dei. Tidleg om våren, ofte svoltne og dårleg kledde, kunne borna traske i opp til 12 mil før dei endeleg kom fram til garden der dei skulle gjete kyrne.

Thyra Ågedal fortalde også at barnevandringane starta med vaksne menn som seint på 1700-talet tok seg arbeid i Grimstad distriktet. Det trongst mykje tømmer til skipstrafikken, og mange tok seg arbeid som borkeflettarar i sommarmånadene. Nokre av desse hadde med seg sønene sine, og det balla på seg med at dei tok med born til naboar eller slektningar. Frå 1830 til 1910 var det fleire tusen born som drog av garde. Sjølv om vi i dag kritiserer barnearbeid, er det sikkert at det gjorde noko med sjølvkjensla deira! Dei kjende seg verkeleg verdsette når dei om hausten kunne leggje pengar og klede på bordet heime. Dei var ikkje redde for å dra ut i verda når dei voks til, og mange drog til USA og gjorde det godt der.

Grete Salomonsen Hynnekleiv snakka om alt arbeidet som låg bak før filminnspelinga kunne starte i 2008. I 1988 bestemte ho seg saman med Penelope film for å lage ein spelefilm knytta til landsdelen om barnevandringane. Intervjuarbeidet starta, men det var ikkje alltid lett å få informasjon om temaet. Mange av intervjuobjekta kjente på at det var ei stor skam at slektningane deira hadde vore så fattige. Fleire ville ikkje ha namnet sitt gjort kjent, men det gjaldt heldigvis ikkje alle. Gabriel Øydne frå Hægebostad var ein nyttig informant, og det same var også dei to utvandrarane dei drog til USA for å møte.

Grete Salomonsen fortalte også at folk har spurt kva det var med dette filmprosjektet som hadde gjort at ho ofra så mykje tid og energi på det? Ho hadde eigentleg ikkje sjølv tenkt på det, sa ho, men dei som kjente henne godt, skjønte det. Det var nemleg på ein måte hennar eiga livssoge. Ho vart sendt på internatskule i Japan då ho var 7 år, og kva fråver av mor og far har å seie, visste ho mykje om. Det var dette ho ynskte å dele med andre, og som ho gjer gjennom filmen som ho har både laga manuskript til og vore regissør for. Filmen har premiere 11.12. kl.13 2009.

I Brennpunkt på NRK 1 tysdag 31. mars kl. 21:30 vil Grete Salomonsen bli intervjua om temaet å bli sendt bort. Hennar opplevingar som barn og kvifor ho laga Yohan filmen vil vere i fokus.

Til slutt fortalde Thyra Ågedal om vidare planar. Ho hadde tenkt at når folk kunne gå på pilgrimsferd i fotefara til heilage personar andre stader, måtte det vere ein glimrande ide å gå i spora til barnevandrarane.

Ho kontakta historielag og friluftsråd i områda der borna kom frå. Laga og friluftsråda synte stor interesse, løyvde pengar og stien der borna gjekk, skal merkast i nær framtid. Merkinga skal starte på Moi i Kvinesdal og fylgjer for ein stor del jernbanelina til Kristiansand. Vidare har Reidar Fuglestad i Dyreparken i Kristiansand vore svært interessert i prosjektetet, og det er planar om å merke stien inn i Aust-Agder også.

Ho avslutta med å seie at det var «utruleg at av bare elendighet kunne det bli noko heilt anna. Vi vil få gå i spora til desse små heltane samstundes som vi kjem ut i naturen»

Stor takk til både Thyra Ågedal og Grete Salomonsen for ein dyktig gjennomført kveld i Mållaget. Stor takk også til den unge, dyktige felespelararen Gard Nergaard frå Marnardal. Han avslutta kvelden med tre slåttar frå Agder, der han i tillegg til spelinga fortalte om opphav til slåttane og kva dei handla om.

Han oppmoda også alle til å gjere kjent at ungdommar som vil stø målsaka, er velkomne i Agder Målungdom og kan gjerne ta kontakt med Gard

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS