FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Ei reise med Den transsibirske jernbanen

 (26.04.2009)

Tysdag 21. april hadde over 50 tilhøyrarar funne vegen til Mållagstova for å høyre Normann Liene fortelje om jernbaneturen han og sonen tok i mai 2008.

Verdas lengste jernbane, frå Moskva til Vladivostock, stod ferdig i 1904. Etter Sibir deler jernbanen seg i tre, Den Transmongolske jernbanen til Beijing om Ulan-Bataar, Den Transmansjuriske jernbanen til Beijing om Harbin og Den opphavelege Transsibirske jernbanen til Vladivostok om Khabarovsk.
Det var Den transmongolske jernbanen Normann Lian og sonen fylgde. Normann hadde laga ein fin biletserie der han kommenterte bileta etterkvart, og vi fekk eit levande inntrykk av korleis dei opplevde turen.

Dei starta turen med tog frå Noreg gjennom Sverige og Finland til Moskva - ein fin begynnelse før den verkelege reisa. Eit godt råd til alle, presiserte han, er å lære seg det kyrilliske alfabetet. Det gjer ein i stand til å lese skilt og fylgje godt med så lenge ein er i Russland.

Frå Moskva var det fleire småstopp i ulike byar austover, og alle stader var det fullt av folk som kom for å kjøpe ting dei togreisande hadde med seg. Det var litt underleg at handelen gjekk denne vegen, og at det ikkje var dei fastbuande som kom for å tilby varene sine. Men vestlege varer som klede, sko og teppe t.d. stod høgt i kurs i byane austover.

Togkupene var små, men greie. På den russiske restaurantvogna åt dei alle varme måltid. Der var det reint og fint, og maten var god.
Frå togvindauget var det utsikt over endelause sletter. Av og til kunne ein sjå fattigslege hus i småklynger. I den delen som høyrer til Europa, vert det drive jordbruk.
Etter Uralfjella kom ein over i det ufatteleg store og aude Sibir. Uendelege stepper og mykje bjørkeskog tok over. Av og til dukka små enkle hytter opp, bustaden til dei fastbuande.

Ein grundig kontroll var naudsynt på båe sider av grensa mellom Russland og Mongolia. Ca 7 timar måtte dei vente, men mykje av denne tida vart nytta til kontakt med medpassasjerar som kunne engelsk, og slikt gjer turen ekstra minnerik.

Inne i Ulan Bator fylgde dei eit opplegg til KinaReiser, noko som var både spennande og interessant! Tre netter i mongolske ger-telt i ein nasjonalpark høyrde med. Dessutan fekk dei meir kjennskap til mongolsk kultur ved at dei vart invitert inn i ein mongolsk heim, fekk oppleve ryttarar og dessutan dra på besøk til eit buddhistisk tempel. Dette var bygd etter 1991, for i Sovjettida vart dei fleste templa øydelagde og mange munkar drepne.

Høgsletta Mongolia er svært tørr og sandstormar utruleg øydeleggjande. 250 dagar i året er utan skyer. Temperaturskilnaden mellom dag og natt er svært stor, og ger-telta er utvikla til å vere heilt suverene for å takle denne skilnaden.

Turen vart avslutta i Beijing, ein skikkeleg storby som tydeleg førebudde seg til OL i august 2008.Tryggleikstiltak og ombyggingar gjorde at det ikkje var heilt enkelt å finne fram til rett innsjekkingsskranke på flyplassen, men alt ordna seg til slutt!

Det var eit engasjert publikum som etter kåseriet kom med mange spørsmål til foredragshaldaren. Fleire hadde planar om ein slik tur i nær framtid. Ei av tilhøyrarane fortalde at ho hadde teke turen for 30 år sidan, og det er nok reine luksusen no imot slik det var då!

Ein svært vellukka kveld vart avslutta med sørlandske vårviser, fint framført av Trine og Normann Liene.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS