FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Slutt på tilnærmingslinja

Av Martin Skjekkeland

Stortinget har nå (12.11.02) vedteke å oppheva den såkalla tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd. Tilnærming mellom nynorsk og bokmål ”på norsk folkemåls grunn” var opphavleg eit uttalt mål i norsk rettskrivingspolitikk. Tanken var å smelta dei to målformene saman til eit felles norsk skriftmål.

I om lag 117 år har me levd med to skriftmål her i landet. Det var Venstre med Johan Sverdrup i spissen som i 1885 fekk Stortinget med på å vedta det berømte forslaget: ”Regjeringen anmodes om at treffe fornøden Forføyning til at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.”
Dette vedtaket er sidan alltid blitt sett på som den formelle godkjenninga av landsmålet som offisielt jamstilt riksspråk i Noreg. Den første kommunen her i landet som innførte landsmålet som skulespråk, var Bygland i Setesdal (1890). Frå 1900 og utover vart dette språket også teke i bruk som styringsmål i fleire kommunar på Vestlandet og på Indre Agder. Den første
tida etter ”jamstillingsvedtaket” (1885) var det lite folk merka til den ”tospråkstilstanden” landet var kome i. I 1907 vedtok Stortinget (etter 3 dagars debatt) at også gymnasa skulle ha ei obligatorisk skriftleg prøve i sidemålet. Dette vedtaket vekte ein beisk strid. Det var naturleg, for gymnasa var på denne tida typiske byskular der dei fleste elevane kom
frå borgar- og embetsmiljø. Debatten om dei to språka si stilling i gymnaset hadde for alvor gjort folk merksame på kva det ville seia å ha to sidestilte språk i landet. Etter kvart fekk me lover som regulerte jamstellinga mellom dei to skriftmåla i det offentlege (mållova av 1930 og 1985). Stortinget sette også opp retningslinjer for bruken av nynorsk og bokmål i NRK.

Det er ikkje uvanleg at nasjonalstatar har meir enn eitt offisielt skriftmål: Belgia, Finland og Canada har to, og Sveits har til og med fire offisielle språk. Det spesielle med Noreg er at dei to målformene bokmål og nynorsk er så like kvarandre at ikkje er problem med å forstå det målet ein sjølv ikkje brukar som sitt personlege skriftmål.

Det er ei kjend sak at mange ergrar seg over at det er ”nødvendig” å ha to sidestilte skriftmål i eit lite land som vårt, og det er lett å finna argument som går mot denne språksituasjonen: Det er svært kostbart at statleg materiell må trykkast på begge språk, at lærebøker i vidaregåande skule må liggja føre på bokmål og nynorsk til same tid, at NRK må tilsetja spesielle nynorskmedarbeidar osb. Nokre meiner også at sidemålet i vidaregåande
skule (som helst er nynorsk) tek merksemda bort frå hovudmålet. Mest kvart år kjem det frå ymse hald opp forslag om å gjera skriftleg sidemål valfritt i den vidaregåande skulen.

På den andre sida finst det mange som ser positivt på å ha to skriftmål. Ikkje minst vil nynorskfolket meina dette. Dei vil hevda at bokmålet har bakgrunnen sin i dansk og i det gamle embetsverket sitt språk. Nynorsk, derimot, er bygd på dialektane i bygd og by, og er difor eit samlande uttrykk for den folkelege kulturen i Noreg. Målfolka (og mange med dei) vil meina at det å ha to skriftmål er ein fruktbar språkleg situasjon. Det gjer at me blir meir språkleg medvitne enn me elles ville ha blitt. Folk blir vane med å sjå ulike språklege variantar i skrift. Dette fører i neste omgang til at også variasjon i talemålet blir akseptert. Resultatet er at dialektane får blomstra meir hjå oss enn i dei fleste andre land. Ein god del norsklærarar vil også hevda at nynorsk som sidemål ikkje skader bokmålet, snarare tvert om:
Kunnskapar i nynorsk kan hjelpa den som skriv bokmål, til å få eit enklare og meir talmålsnært skriftmål.

Tanken om å samla dei to skriftmåla til eitt felles nasjonalt mål kom opp for alvor i 1908. Departementet sette då ned ei nemnd som skulle ”skissere en plan for et mulig samarbeide mellom riksmål og landsmål i retskrivningen”. Den fremste talsmannen for samlingstanken på denne tida var Molkte Moe (1859-1913). Han meinte at den språklege og kulturelle todelinga var lagt på oss av historia. ”Den må vi vokse av os litt etter litt, ved å nærme os målet, det felles mål, mer og mer fra begge sider.” I rettskrivingsreforma i 1917
kom det inn fleire ”tilnærmingsformer” både i bokmål og nynorsk.

Halvdan Koht (1873-1965) er ein av dei personane som særleg bar fram
samnorsktanken i 1930-åra. Koht såg den historiske utviklinga slik at bondereisinga og målreieinga på 1800-talet var eit nødvending første ledd i ei allmenn underklassereising med demokrtatisering og sosial likestilling som mål. Det neste måtte bli at arbeiderklassa gjennomførte ei tilsvarande reising med soialismen som mål, og for dei liksom for bøndene, måtte ein kamp for eige språk og eigen kultur vera ein del av denne reisinga. Koht såg for seg
ein nasjonal integrasjon der dei ulike klassebaserte kulturane smelta sman på ein slik måte at alle fekk yte sitt til den framtidige nasjonale felleskulturen. I ein slik prosess skulle den språklege samlinga vera ein viktig faktor. Men først skulle dei dialektane som ennå var undertrykte, dvs. dei folkelege bymåla og flatbygdmåla på Austlandet, kjempast fram til sosial likestilling med det tradisjonelle bokmålet og nynorsken. Dei folkelege bymåla og flatbygdmåla på Austlandet representerte for Koht på mange måtar arbeiderklassa sitt språk. Dette språket måtte koma med i skriftnormalane, meinte han, einast dette kunne gje arbeiderspråket prestisje!

Halvdan Koht blei hovudarkitekten bak 1938-rettskrivinga, som på ein måte er høgdepunktet i språkreguleringa mot samnorsk. Nå blei ei mengd former med bakgrunn i dialektane (folkemålet) på Austlandet tekne inn i bokmålet (bein, lauv, nå, fram, etter, snø, språk, mjølk, bjølle, sjøl, senga, døra, barna, dyra, mjølka, kasta osb.) (Ein del av formene var valfrie.) Dette var samtidig tilnærmingsformer til nynorsken. Nynorsken kom også bokmålet i møte på fleire punkt (sola blei valfritt til soli osb.)

Etter krigen var situasjonen den at mange av dei tradisjonelle argumenta for
språkreformer ikkje gjaldt lenger. Det nasjonale argumentet, som gjorde motsetnaden mellom norsk og dansk til ei hovudsak, var nå svært vanskeleg å bruka fordi krigen hadde gjeve ordet nasjonal eit nytt innhald. Det var riksmålsrørsla (Riksmålsforbundet) som kom til å prega språkstriden i femtiåra. Dei folkemålsformene som var komne inn i bokmålet (m.a. a-formene), blei skjelte ut for å vera vulgære, stygge, stilbrot osb. Det som provoserte mest, var at radikale former (samnorskformer) blei innførte i lærebøkene i åra etter krigen. ”Foreldreaksjonen mot samnorsk” blei ein masseorganisasjon som samla inn nærare ein halv million underskrifter mot ”samnorsken”. Aksjonen gav resultat. Enden på det heile var at
mange av dei folkelege tilnærmingsformene blei tekne ut or lærebøkene.

For Arbeiderpartiet blei det stadig viktigare å få fred og ro i språkspørsmålet. Samnorskpolitikken hadde fått alvorlege skott for baugen. Regjeringa (DNA) oppnemnde Vogt-komiteen som skulle hjelpa til med å skapa ”språkfred” i landet. Komiteen foreslo å avløysa Norsk språknemnd (1952) med eit nytt organ utan noko mandat om å ”fremja tilnærming mellom dei to skriftmåla på norsk folkemåls grunn”. Det at tradisjonelle
riksmålsformer var utestengde frå den offisielle bokmålsnormalen, var nemnt som ein hovudgrunn til at språkstriden var så bitter som han var. Norsk språkråd blei oppretta i 1971. Frå nå av blei det slutt på den aktive tilnærmingslina. Mange av dei utestengde riksmålsformene blei i 1981 tekne inn att i bokmålsnormalen.

Men tanken om eit felles norsk skriftspråk ein gong i framtida har ikkje vore oppgitt. Norsk språkråd skulle framleis ”støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen”. Dette har ikkje gjeve seg nemnande utslag i dei to
målformene dei seinare tiåra. På viktige punkt har dei to målformene snarare fjerna seg frå kvarandre. Den lovendringa som Stortinget nå har vedteke, set eit endeleg punktum for den omstridde tilnærmingspolitikken her i landet.

Ein kan spørja kva ein har oppnådd. Har samanorskpolitikken gjeve resultat? Noko samnorsk skriftmål har me ikkje fått. Men om me jamfører tekstar på dansk-norsk og landsmål over eit lengre tidsrom, for tekstar frå 1920 med dagens normalprosa, så vil me sjå at det har skjedd ei klar utvikling, og at målformene totalt sett ligg mykje nærare kvarandre nå
enn før. Bokmålet har blitt meir mangslunge nå enn i mellomkrigstida. I nokre ord er a-former i dag heilt vanlege: jenta, kua, øya, hytta osb. I mange ord kan –a og –en brukast med nøytral stilverdi: boka, døra, senga, sola, alle dyra, åra, garna. ”Tilnærmingsformer” som kasta og sovna blir ennå brukte lite i skrift, og når det skjer, er det fordi forfattarane vil markera at stilen er munnleg og uformell. Totalt kan me seia at det har skjedd ei utvikling der munnlege og folkelege former har fått ein meir nøytral stilverdi enn dei hadde før. Dette avspeglar ei utvikling der språkbruken i skriftspråket og i normaltalemålet i det heile er blitt ledigare enn han var. Samnorskpolitikken har truleg spela ei rolle på den måten at han har gjeve dei folkelege formene meir prestisje og delvis brote ned ein språksosial barriere som elles kunne
ha hemma denne utviklinga. Også sjølve ordlegginga har blitt endra. Den gamle kansellistilen er i høg grad erstatta av ein enklare stil. Dette er også eit utslag av tilnærming mellom språka.
– Så noko godt kom det nok ut av 60-70 år med ”samnorskstræv” i dette vesle landet vårt.


Martin Sjekkeland
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS