FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Kyrkjekaffi i Mållagsstova sundag 10. juni

 (12.06.2012)

Samarbeidet mellom Domkyrkja og Mållaget i Kristiansand har halde fram sidan 2010. Dette året var det forfattaren Paal-Helge Haugen som heldt preika. Den unge musikaren Gard Neergaard stod for eit musikalsk innslag med nydeleg felespel. Etter gudstenesta vart kyrkjelyden invitert til kaffi og kake i Mållagsstova, og også denne sundagen kom det svært mange, ca 70 – 80 menneske.

Paal-Helge Haugen heldt ei interessant og god preik. Han fortalde m.a. litt om arbeidet med den nye bibelomsetjinga og det språklege ansvaret for den nynorske delen. Som forfattar trekte han fram Johannesevangeliet og kvifor det har ei særstilling blant dei fire evangelia. Medan dei tre fyrste fortel konkret frå Jesu liv og gjerning, er det mykje meir dobbeltbotn i Johannesevangeliet. Paal-Helge Haugen nemnde også at i den katolske kyrkja var Johannes skytshelgen m.a for forfattarar! Han avslutta preika fint og samstundes optimistisk med å sitere frå den nye omsetjinga av Johannes-evangeliet 1. kapittel og 5.vers: Ljoset skin i mørkret og mørkret har ikkje overvunne det.

Leiv Storesletten leia samværet i Mållagsstova på ein god og samstundes uhøgtideleg måte. Han takka presten Aud Sunde Smemo for det gode samarbeidet, og han kom også med hint til dei frammøtte om å melde seg inn i Mållaget.

Under gudstenesta i kyrkja vart det opplyst at Paal-Helge Haugen ville ha eit litterært innslag under kyrkjekaffien, og dette såg me fram til.
Han hadde teke med seg bøkene i Kvartett 2008. Det er fire sjølvstendige diktsamlingar som også har ein innbyrdes samanheng: Gs bok, Dantes oske, Passasje og Visum. Det var utdrag frå Gs bok me fekk høyre, og sidan dikta her har bibelvers som utgangspunkt, hadde han på førehand spurt Leiv Storesletten om å lese desse. Bibelversa er frå 1921-omsetjinga, og det vart eit fint samspel mellom versa og dikta som forfattaren las.

Det var god stemning under kyrkjekaffien I Mållagsstova, og jamen vart det nokre få nye medlemer også!

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS