FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Jolemøte tysdag 11. desember 2018

 (17.12.2018)

Tradisjonen tru vart det jolemøte i år òg. Etter påmeldingfristen var det 23 på lista, men denne gongen kom 6 ekstra slik at me vart 29. Dette var omvend av situasjonen i 2017 kor mange melde avbod i siste liten. 

Etter velkomsthelsinga frå Solveig og Borghild held Sylfest sitt kåseri «Kva me ikkje veit om om advent og jol!». Det var lærerikt og underhaldande på same tid med fokus på namn, ord og uttrykk på ulike språk. Etter eit solid mentalt påfyll var det tide for meir jordnære verdiar. Pinnekjøtet med poteter og rotstappe smakte framifrå og det meste vart oppeten før det var litt plass att til kaffi og smågodt. Lasse Stray spelte piano til allsong ved bordet og under gang rundt joletreet etterpå. Fleire møtte nye kjenningar og dei fleste lærte noko nytt. Stor takk til komiteen med Solveig, Borghild, Cecilie og Ronny.

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS