Årsmøte 2010 - sak 5 arbeidsprogram 2010-2011
(21.02.2010)
Innleiing
Styret gjer denne gongen framlegg om eit arbeidsprogram som har færre punkt enn tidlegare. Dette er dei områda vi ønskjer å leggja hovudtyngda av ressursar. Det er naudsynt å prioritera når dette er frivillig arbeid og det laget har knapp økonomi. Men det betyr ikkje at andre aktuelle område ikkje skal få merksemd. Det er sjølvsagt opp til medlemmer å bidra med aktivitet på område dei har engasjement for.
I Målpolitiske arbeidsområde
• Nynorsken sin plass i stoffutvekslingssamarbeid mellom aviser og i vekepressa • Nynorsk i fagpressa. • Nynorsken i journalistutdanningane. • Nynorsk på alle plattformer i NRK og TV2. • Nynorsk på offentlege nettstader. • Dei politiske rammevilkåra for nynorsken.
II Organisasjonsutvikling og samarbeid • Mediemållaget som arena • Dei nynorske mediedagane • Laga høvelege tilskipingar for debatt, fag og nettverksbygging. • Aktivisera fleire medlemmer. • Rekruttering av nye medlemmer. • Samarbeid med nærskylde organisasjonar og medieorganisasjonar. • Mediemållaget er ein del av Noregs Mållag og skal vera ein naturleg premissleverandør og samarbeidspartnar på det medie- og kommunikasjonspolitiske området. Vi vil òg halda fram samarbeidet med Kringkastingsringen og andre innanfor ”nynorskfamilien”.
Mediemållaget held fram samarbeidet med Kringkastingsringen om møte med leiinga i NRK og TV2.
Andre samarbeidspartnarar I mange saker er det naturleg å finna relevante samarbeidspartnarar innanfor t.d. medieorganisasjonar, utdanningsinstitusjonar og ulike verksemder. Vi vil arbeida vidare med å utvikla samarbeidet med organisasjonar som deltek under Dei nynorske mediedagane.
III Faglege utviklingstiltak og tenester Kursverksemd Tilby kurs for journalistikkstudentar og journalistar som vil nytta nynorsk. Tilby kurs for kommunikasjonsrådgjevarar.
Stipendarbeid Følgja opp samarbeidet med Mållaget i Kristiansand om stipendet dei gir. Følgja opp arbeidet med stipendet Kringkastingsringen inviterte til samarbeid om.
Forsking I lag med samarbeidande organisasjonar inspirera til meir forsking og utgreiingsarbeid på området nynorsk i media og kommunikasjon.
IV Kommunikasjon og PR Mediemållaget skal vera ein synleg aktør i saker som vedkjem arbeidsområda våre.
• Eksternkommunikasjon • Nettsidene • Pressemeldingar, debattinnlegg m.m. • Fast spalte i Kringom (Kringkastingsringens blad) • Følgja opp Facebook-gruppa, Twitter, Origo og ev. andre kanalar. • Internkommunikasjon • Medlemsbrev
V Ros og heider • Nynorsk redaktørpris • Ulike former for støtte og merksemd til både dei som alt er gode til å sleppa nynorsken til og til dei som gjer ein innsats der nynorsken ikkje har hatt ein plass tidlegare.
VI Økonomi Søkja relevante kjelder om støtte til finansiering av drift, Dei nynorske mediedagane, kurs og andre tilskipingar.
|
|