Fredag 22. oktober kl. 19.00
Litteraturhuset
Den nynorske mediefesten under Dei nynorske mediedagane byr på ein musikalsk premiere, festkåseri og utdeling av Nynorsk redaktørpris. Mange vil nok bli overraska over valet av prisvinnar.
Festkåsør Dagfinn NordbøDagfinn Nordbø er humorist og tekstforfattar, for mange kjend for tekstar for Hallo i uken, ulike komikarar, og som spaltist i VG. Han har òg bandet Det Norske Poesi & Satireorkester.
KorteBrok - rap frå Hovdebygda, unplugged Ei utbrytargruppe frå hip-hoporkesteret Side Brok har skipa denne nye kvartetten som skal spele sin aller fyrste konsert under Dei nynorske mediedagane.
KorteBrok spelar Side Brok-låtar i meir jazza og akustiske versjonar. Dei spelar til og med Side Brok-låtar som Side Brok ikkje har spela før.
Dette er rap for dei som likar å sitje på konsert. Rap for dei som likar å drikke vin, og få med seg tekstane. Rap for dei som likar jazz.
Runar Gudnason - rap (biletet)
Pål Olav Loftesnes - rhodes
Audun Ellingsen - kontrabass
Tore Brevik - trommer
Fredag 22. oktober kl. 19.00. Litteraturhuset, Wergeland
Billettar kr 100,- (i døra)