Vi i Mediemållaget er svært takksame for alle gåver til arbeidet for nynorsken.
Hugs å skriva namnet ditt og "mediemålgåve" på innbetalinga.
Kontonummeret er 3910.32.77861 (Sparebanken Møre).
Vi takkar og bukkar.
Kultur- og kyrkjedepartementet la i statsråd fredag fram eit lovforslag om redaksjonell fridom i media.
- Den redaksjonelle fridomen er i dag under press frå mange kantar. Vi meiner det er naudsynt å sikre den redaksjonelle fridomen gjennom lov. Redaktørane skal vere garantistar for sjølvstende og integritet. Med denne lovfestinga av Redaktørplakaten vil vi styrkje grunnlaget for den frie meiningsdanninga i samfunnet, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
"Her er eg" er ein serie som er laga ved NRK Sogn og Fjordane. Den har gått på NRK, og fleire episodar er på veg, blant anna i romjula. No er også fleire land i Asia klare til å vise serien.