FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Nyhendespråk og gamalt nytt om språk…

Her ein dag kom eg over ein artikkel på nynorsk på næringslivsnettstaden NA24.no. Førebels er det ikkje mykje næringslivsjournalistikk på nynorsk, men forklaringa på dét er ikkje å finna i språkvitskapen. Eg gjer vidare ein sveip over nokre andre nettaviser, finn kjekt sportsstoff i Hallingdølen, og praktfulle arkitekturreportasjar i Bergens Tidendes magasin Hus og Hjem. I Dagsavisen les eg skarpe kommentarartiklar på nynorsk. Slik kunne eg halda fram.



I Bergens Tidende (BT) 1. juni hevdar politisk redaktør Olav Versto i VG at nynorsk ikkje er utvikla som nyhendespråk. Og på spørsmålet ”Men den nynorske pressa har lange tradisjonar” svarar han; - Ja, nynorsken i BT står til dømes bra, men i riksmedia er han lite utvikla”. Kva skal ein seia til dette, då? Vel, han kan umogleg visa til etermedia, men om han meiner hovudstadspressa, ligg det faretrugande nær å svara ”Takka f….. for det!”. Det ville jo truleg ikkje ha vore eit tema om nynorskingane i Dagbadet og VG til dømes fekk skriva nynorsk når det passa dei.

Opphavet til ordskiftet i denne omgangen er journalist Anne Viken, som har skrive ein artikkel i Syn og Segn om kvifor ho har skifta til bokmål, og at ho kjenner nynorsken som unaturleg og arkaisk. At Viken ikkje finn det naturleg for henne å skriva nynorsk, må vi respektera. Ho har sjølvsagt rett til å definera kva for språkleg form og uttrykk ho finn det best å uttrykkja seg med. Men vi kan likevel ikkje la hennar personlege val og oppfatningar setja premissane for korleis mediesamfunnet nyttar og utviklar nynorsken som nyhendespråk. Språk i bruk om alle slags emne og sjangrar dreiar seg mest om vilje til å arbeida med språket som verkty. Har ein ikkje det mangfaldet av omgrep og uttrykksmåtar ein treng, er det utviklingsarbeid som må til. Det gjeld alle språk.

(Kommentar frå Kringom 2-2007)

Dette handlar mest om kva ein er van med. Eg har møtt fagfolk som meiner det ikkje vert presist nok når ein skal skriva om medisinske eller juridiske tema på nynorsk. Det veit eg kollegaene mine i Medisinsk Mållag og Juristmållaget vil stilla seg undrande til. Dei driv òg eit jamt og godt arbeid for bruk og utvikling av fagspråk og uttrykksform på områda sine, noko eg trur òg er til stor glede for bokmålsbrukarar med interesse for utvikling av språket.

Det dreiar seg om i kva grad ordet er fritt – òg for dei journalistane som vil skriva nynorsk. Dei avisene som tillèt nynorsk, får det jo til. Så gode ”riks”-redaktørar, slepp dei laus, så skal vi nok få sjå eit nyhendespråk som duger til politikk, ulykker, kriminalitet, finans og sport!

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS