FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Lat det skje, Media Norge!

Aftenposten, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen har no fått løyve til å gå saman til eitt mediekonsern. Då er det på tide at dei får seg ein språkpolitikk som slepper nynorsken til for fullt. Vi ser fram til å sjå nynorsk på redaksjonell plass i Aftenposten.

Dei som las kommentaren min i førre nummeret av Kringom, såg at eg stilte ein del spørsmål ved stoffutvekslinga mellom desse avisene. Etter den tid har årsmøtet vårt vedteke at dette skal vera ei av dei høgast prioriterte sakene i året som kjem. No er det på tide å gå tyngre inn og arbeida for konkrete resultat.

Aftenposten ser på seg sjølv som ei riksdekkjande avis. Dette må få konsekvensar for språkprofilen. Når dei skal ha eit endå tettare samarbeid og stoffutveksling med aviser som har mykje godt stoff på nynorsk, må dei forstå verdien av å bruka stoffet slik det er meint å bli lese.

Kva er dei største riksavisene redde for? Er det marknaden, ”kva lesarane vil ha”? Tuftar dei språkpolitikken sin på sanningar eller kommersielle trusvedkjenningar? Vi har ikkje så mange mål på til dømes kor mange i hovudstaden som er nynorskbrukarar i det daglege. For å få iallfall eitt tal har eg spurt Skattedirektoratet om kor mange i Oslo som ber om sjølvmelding på nynorsk. I 2006 gjaldt dette 11 272 personlege skatteytarar og 1025 næringsdrivande. Sjølv om prosenten ikkje er så høg, så viser talet at svært mange personar openberrt gjerne vil ha nynorsk. Det er altså ikkje berre omsynet til samarbeidsånd og balansert stoffutveksling i mediekonserna som tilseier ein viss del nynorsk sjølv i område der dette ikkje er den rådande målforma.

Sidan nynorsk og bokmål er jamstelte, bør dei store riksdekkjande media lata journalistane nytta nynorsk når dei vil. Eit anna aspekt er kva lesarane bør få tilbod om. I haust sende fylkesavdelingane til Utdanningsforbundet i Hordaland og i Møre og Romsdal oppmoding til Dagbladet og VG om at dei må nytta nynorsk som redaksjonsspråk. ”Riksavisene har også eit ansvar for at norske elevar lærer både bokmål og nynorsk”, sa Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal. Dette er kanskje ein type argument for språkleg samfunnsansvar det ikkje har vore lagt så stor vekt på tidlegare. Her har dei mykje å ta etter BT, Aftenbladet og mangfaldet av lokalaviser.

Vi har venta lenge nok no. Media Norge kan bli den store medieaktøren som går føre og viser veg. Der er berre å lata det skje.

(Kommentar frå Kringom 1-2008)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS