Godt grunnlag for vegen vidare
Når eg skriv dette i slutten av oktober, har denne hausten alt gitt god von om at det skal koma framsteg for nynorsk i media og elles i det offentlege rommet.
I statsbudsjettet kom det pengar til oppstart for arbeidet med Vinjefondet, og fleire tiltak er på gang frå Regjeringa, mellom anna for offentleg målbruk. Men først vil eg retta ein stor takk til Kringkastingsringen. Ved å halda seminaret om barnefjernsyn under Dei nynorske mediedagane var de med på å gje dagane eit svært godt fagleg innhald. I tilbodet til born og unge er det språklege elementet viktig. Om det skal gi meining å tala om «nynorsk frå vogge til grav» og «nynorsk for alle», slik ein gjer i mange prosjekt i målrørsla, er arbeidet de gjer på dette området, heilt avgjerande. Ingen fremjar denne saka betre enn Kringkastingsringen.
Styret i Mediemållaget har konkludert med at dei første Mediedagane var eit så godt tiltak at vi alt har vedteke å invitera årets samarbeidspartnarar og fleire andre til å delta neste år òg. Vi har hausta viktige røynsler og går i gang att med planlegginga i november. Her er alle velkomne med idear og initiativ.
Morgondagens nynorskjournalistar Midt oppe i tilskipingar og styrking av relasjonar i nynorsk- og medieverda er det kjekt å arbeida for komande nynorskjournalistar. Nynorsk mediesenter gjer eit framifrå arbeid for å få fram gode journalistar. Men tek journalistutdanningane nynorsken alvorleg? Det kan sjå litt tynt ut, men no får iallfall studentane ei stor gulrot, for Mållaget i Kristiansand lanserer eit stipend for ein nynorskskrivande journalistikkstudent. Stipendet er på inntil 10 000 kroner i semesteret i tre år. Dette vil bli eitt av dei største studentstipenda og vonleg ein god motivasjon. Slik nyttar det friviljuge organisasjonslivet midlane sine til å ta ansvar. Kanskje kan dette bli eitt av fleire prosjekt som illustrerer korleis delar av Vinjefondet kan nyttast.
Mediemållaget er samarbeidspartnar for laget i Kristiansand i lag med Nynorsk Pressekontor og NTB, som er garantistane for den faglege kvaliteten. Stipendiaten får ein arbeidsplass stilt til rådvelde i NPK-redaksjonen i NTB. Stipendiaten får dra nytte av heile det faglege miljøet i NPK/NTB som del av journaliststudiet, og NPK stiller ein «fadder» til rådvelde som fagleg rettleiar.
Det er inspirerande å arbeida for nynorsken når mange gode krefter trekkjer i lag mot det same målet.
(Kommentar frå Kringom 3-2008)
Berit Rekve |
|