FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Dei nynorske mediedagane Dei nynorske mediedagane 2008 Dei nynorske mediedagane 2009 Dei nynorske mediedagane 2010 Dei nynorske mediedagane 2011 Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Nynorsk Pressekontor fyller 40 år!

Fredag 2. oktober markerer Nynorsk Pressekontor 40-årsdagen.

Det skjer i Litteraturhuset kl. 14.00-18.00.

Seminar: Utfordringar for språket og journalistikken når
ein skriv for nettet.

Presentasjon av «NPK-språket» – ei ordbok som blir den
framtidige høgrehanda til alle nynorskskrivande journalistar.

Velkomen til 40-årsjubileum!

I 40 år har pressebyrået Nynorsk Pressekontor (NPK) arbeidd for å spreia godt journalistisk stoff på nynorsk til norske aviser og kringkasting.
Pressekontoret vart oppretta i 1969 etter at Stortinget meinte Noreg trong ei slik presseteneste for å gje avisene eit betre tilbod på nynorsk. Sidan den gongen har NPK levert nyhende på nynorsk til norske aviser og kringkasting.

Dette ynskjer me å markera og vil med dette invitera DEG til jubileumsseminar Oslo.

Tid: Fredag 2. oktober 1400-1800
Stad: Litteraturhuset, Wergelandsveien 29, i Oslo.

Feiringa skjer som ein del av Dei nynorske mediedagane. Heile programmet for mediedagane kan du lesa på http://www.mediedagane.no/.

Kvardagen for nynorskjournalisten endrar seg i takt med den teknologiske utviklinga. Fleire og fleire aviser vel å satsa på nettutgåver i tillegg til papiravisene. Dette fører med seg nye utfordringar , både språkleg, journalistisk og når det kjem til tempo. Difor ynskjer me å nytta jubileumsseminaret til å ta opp emnet: Utfordringar for språket og journalistikken når ein skriv for nettet.

14.00: Kaffi og myldring

14.30: Møt NPK – eit høve for noverande og framtidige kundar til å snakka med NPK og koma med ynske, utfordringar, ris og ros.

15.30: Kaffipause

16.00: Å vera på papir kvar dag og på nett heile tida.Kva gjer det med det nynorske avisspråket? Innlegg ved ansvarleg redaktør Jan Atle Stang i Firda, verdas største nynorskavis.

16.30: Ei kjelde til rett kunnskap. Eirik Helleve presenterer det nynorske nettleksikonet Allkunne.

17.00: Debatt: Er nett lett og papir tungt? Utfordringar for språket og journalistikken når ein skriv for nettet.

I panelet: Sylfest Lomheim, direktør for Språkrådet, Jan Atle Stang, ansvarleg redaktør for avisa Firda, Tord Nedrelid, filolog og kurshaldar i nettjournalistikk ved Institutt for journalistikk.
Debattleiar: Håvard Øvregård

17.45: Presentasjon av ordboka NPK-språket, eit nytt språkverktøy for nynorskjournalistar.

18.00: NPK 40 år! Feiring med kake til alle frammøtte.

19.00: Inviterer mediemållaget til Den nynorske mediefesten.
Der kan du mellom andre oppleva Arne Hjeltnes, Sigrid Moldestad og Erling Lægreid. Les meir på http://www.mediedagane.no/.

Hjarteleg velkomen!

Beste helsing Nynorsk Pressekontor.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS