FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: aukan08 @ gmail.com

Aktuelt Gamalt Årsmøte Du mitt Nordmøre Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Du mitt Nordmøre 2007

 (13.11.2007)

Nordmøre Mållag lanserte årets utgåve av Du mitt Nordmøre under ein pressekonferanse i Surnadal laurdag 10. november. - Det internasjonale polåret og hundreårsjubileet til Nordmøre Mållag har fått brei plass. - Dette årsskriftet inneheld stoff for einkvar smak, seier Reidun Dølehuset, leiar for skriftstyret.

Den fyrste utgåva av Du mitt Nordmøre kom i 1966. No er 2007- utgåva på marknaden!

Boka har to hovudtema: Hundreårsjubileet i Nordmøre Mållag og det internasjonale polaråret. Kristen Fugelsnes som gjorde ein stor innsats for målrørsla og i mange år var trufast bidragsytar til boka, skreiv i 1981-utgåva om dei første 75 arbeidsåra i laget. Artikkelen har fått plass i høve hundreårsjubileet attåt dei siste 25 åra som Odin Hals har forfatta. Oversynet gir eit rikhaldig innsyn i lagsarbeidet som har vore prega av optimisme og framgang, men og av stagnasjon og motløyse. Vegleia framover er staka opp av Nils Ulvund, og det er lovande framtidsutsikter for nynorsk språkbruk på Nordmøre.

Nordmøre har lange tradisjonar med polarforskarar. Ivar Mogstad var med som mannskap for Nansen, og det er dagboksnotat Magne Holten har samla og som blir presentert i boka. Frå Dag T. Straumsvåg har vi fleire prosadikt med tema frå polare område og omsettingar av den amerikanske forfattaren Robert Hedin. Øystein Folden stiller spørsmål om det blir fleire polferder. Det kviler eit ansvar på kvar og ein av oss.

I tillegg til hovudtemaa inneheld boka ymse dikt og artiklar frå Nordmøre. Debutanten i år er Berit Dalsegg Mauset. Ho fortel levande om barneåra sine på 1970-talet, om forventningar og grenser der Surnadalsøra var den store staden.

Bernt Bøe har samla stoff i tekst og bilete om den gløymde kunstnaren Conrad Valeur – eit imponerande og interessant arbeid som gir rom for ettertanke.

Alt i alt inneheld dei 144 boksidene av Du mitt Nordmøre 2007 spenstig lesestoff som høver for dei fleste aldersgrupper.

Her kan du lesa reportasjen frå avisa Driva.

Boka kostar 100 kr. + porto.
Boka kan tingast frå Sverre Hatle, 6650 Surnadal,
tlf. 71 66 21 33, e-post: sverhatl [a] online.no

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS