FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: aukan08 @ gmail.com

Aktuelt Gamalt Årsmøte Du mitt Nordmøre Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Mangfaldig aviskultur – einfaldig språkkultur?

 (10.03.2008)

På eit seminar om språket i aviser o.a. skriftmedia skal dette drøftast. Seminaret blir arrangert av Nordmøre Mållag og Romsdal Mållag i Molde 13.mars. Kjell-Erik Kallset, nyhenderedaktør i Dagsavisen, og Tore Dyrnes, redaktør for Tidens Krav, mellom innleiarane.

Stadig fleire aviser i Romsdal og på Nordmøre slepp til nynorsk både på redaksjonell plass og i lesarspaltene. Lenge har bokmålet fått lov til å dominere. Alle som har velvilje til nynorsken, har opplevd at det har skjedd ei positiv utvikling med nynorskbruken dei siste åra.

Avisene og heimesidene til fylket og kommunane er viktige for norsk språk. Dei har eit ansvar for å halde oppe den norske skriftkulturen ved å bruke meir nynorsk.. Derfor er seminaret ein viktig møteplass for å gje nynorsken ein vidare skuv.

Kallset tek for seg avisspråk i nasjonal samanheng . Dyrnes skal snakke om: Kultur som lim i samfunnet – også skriftkulturen? Elles blir det korte innlegg med ulike innfallsvinklar. Det blir innlegg frå leiaren i Romsdal Mållag. Språkpolitikk i avisene sett utafrå er emnet til Magny Hjertnes Flyum. Flyum er administrativ leiar i Aasentunet med erfaring frå Landslaget for lokalaviser. Det blir kulturelle innslag, samanbinding av programmet og avrunding av seminaret ved Ole Magne Ansnes. Han har vore redaktør i avisa Driva og er no kulturleiar i Sunndal Kommune.

Ei forklaring som har vore bruka på manglande nynorsk i avisene, er at journalistane kan nynorsk for dårleg til å bruke det i ein hektisk aviskvardag. Derfor er det avsett tid til eit mikrokurs i nynorsk. Det er ved Ingar Arnøy, tilsett i Noregs Mållag. Arrangørlaga håpar at det vil bli ein vane å bruke nynorsk oftare i skriftlege media. Velviljen til å bruke nynorsk er til stades meir enn det som er synleg.

Vi trur at dette blir ein dag med både ordskifte og ettertanke. Deltakarane vil da ha mykje att for å setje av tid til dette dagsseminaret som er ope for alle interesserte.

Nordmøre Mållag og Romsdal Mållag
Nils Ulvund,
71 69 82 88 , 90 02 71 61

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS