Kurset blir arrangert på Aure barne- og ungdomsskole 13.februar kl. 09.00 – 15.00, litt kaffi ved oppmøte og lunsj midt på dagen.
Kurset høyrer til i prosjektet ”Born og språk ” som er ein del av ”Nynorsk for alle”, informasjon på heimesida til
Nordmøre Mållag. Elevane møter bokmål i mange samanhengar, alle elevar treng å møte møte meir nynorsk, også i song.
Utdanningsdirektoratet rår til ulike møte med nynorsk, jf. brevet frå direktoratet.
SongdelenKurset vil ta utgangspunkt i bøkene ”
Enno så segla ho Magnill” (Nordmøre Mållag) og ”
Syng sjøl” (Selja forlag).
Kursdeltakarane skal få lære eit utval av tradisjonssongar, rim og regler og songar på nynorsk.
Kurshaldarane vil vise ulike måtar å presentere dette stoffet på:
• som songleikar
• regler som utgangspunkt for rytmisk leik, f.eks rapping
• tulleregler som høver for læring utaboks
• songar, rim og regler som utgangspunkt for små rollespell,
veksellesing og talekor.
LitteraturdelenPresentasjon av aktuell nynorsk barnelitteratur og aktuelle nettstader
som gjev praktiske idéar til lærarane.
KurshaldararLone Eines, Audun Gikling og Øystein Sandbukt.
Kurshaldarane er el. har vore ein del av staben ved Sunndal kulturskole.
Dei arrangerte eit tilsvarande kurs på Sunndalsøra på januar 2008.
Lone Eines
er utdanna vokalpedagog og har i ei årrekkje drive som korinstruktør, songar og dirigent.
Audun Gikling
er utdanna lærar med fordjuping i drama. Har etter kvart skaffa seg stor erfaring i tekstarbeid i lag med born og unge.
Øystein Sandbukt
er utdanna gitarist ved Raulandakademiet. Han har markert seg som svært dyktig gitarist med særleg fokus på tradisjonsmusikken.
Nils Ulvund
sin kompetanse er i denne samanheng utvikla ved at han har vore tillitsvald i alle organisasjonsledda i Noregs Mållag. Han er og lærar.
Kursavgift: 400,- per deltakar, faktura blir utlevert på kurset.
Kvantumsrabatt kan avtalast om det er aktuelt!!
Påmelding: Helst innan 5. februar 2009. Ring/skriv til Nordmøre Mållag v/ Nils Ulvund 6622 Ålvundfjord, e-post:
nils.ulvund@sunndals.net ,
tlf: 90 02 7161, 7169 8288, 71 69 97 30 ( arb.)
For eventuell ettersending av kursnotat, bør e-postadresse noterast på påmeldinga.