FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: aukan08 @ gmail.com

Aktuelt Gamalt Årsmøte Du mitt Nordmøre Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Målprisen 2008 til Sverre Hatle

 (13.11.2009)

Laurdag 30.mai fekk Sverre Hatle overrekt Normøre Mållag sin målpris for 2008 i tilknyting til eit arrangement Vårsøghelga.

Her kjem bilete
Sverre Hatle (t.v.) takkar for prisen under konserten i Svinvika arboret, overrekt av leiar i mållaget, Nils Bjørsvik.

Applausen var lang og hjartevarm i Svinvika laurdag, då Nordmøre mållag ga målprisen for 2008 til Sverre Hatle.
Ole Petter Pedersen
Hatle, som mellom mykje anna har arbeidd hardt for å digitalisere ordsamlinga som Bjarne Østbø etterlet seg - ei samling som no er tilgjengeleg frå nettsidene til Surnadal kommune, fekk prisen i Svinviks arboret laurdag, under konserten som er ein del av Vårsøghelga.

Nestleiar og skrivar i Nordmøre Mållag, Nils Bjørsvik, overrekte prisen. Bjørsvik hadde mange godord å seie om Hatle, som òg i lang tid skreiv spalta Ord frå kistebotn i Driva.

- Les forordet til ordlista, det vitnar om ein mann med språkvitskapleg kunnskap ut over det vanlege, seier Bjørsvik.

Sjølv spøka Hatle då han skulle takke:

- Eg har øvd på å seie takk i det siste. Eg veit det ikkje er sant, men det er godt å høyre likevel.

Hatle vil gjerne ha fram at det er mange som er med på arbeidet med å digitalisere arbeidet til Østbø og dokumentere surnadaldialekta. Sjølv om han er leiar for nemnda som har ansvar for arbeidet, er det mange som ikkje vert nemnt.

- Nokre har ringt meg mest etter kvar spalte i Driva. Du verden kor mykje kunnskap som kjem fram!

Hatle vil at språket skal brukast, og oppmuntrar folk til å skrive som dei talar.

- Ikkje la bokstaven tyne språket. Talespråket hadde levd i mange tusen år før nokon kom på å skrive ein bokstav. Skriv du slik du talar, vert det som regel godt språk.

NAB
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS