FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: aukan08 @ gmail.com

Aktuelt Gamalt Årsmøte Du mitt Nordmøre Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Haustseminaret

 (30.11.2009)

Referatet frå haustseminaret og leiaren i Driva kan de lese her.

Nordmøre Mållag
Referat frå inspirasjonsseminar 14.11.09 på Tingvoll brygge.
Det møtte 17 utsendingar frå Nordmøre Mållag, Romsdal Mållag og frå Trønderlaget. Med skriftstyrerepresentantar og innleiarar var 23 personar innom seminaret.

1. Orienteringar og drøftingar.

Nytt frå Noregs mållag v/ Olav Kuvås, styremedlem i Noregs Mållag.
(Olav Kuvås er frå Skaun i Sør-Trøndelag. Han er jurist og har erfaring frå næringsliv.)

Nedlegging av fylkeslekken er ikkje lenger aktuelt.

Det er mykje gledeleg for nynorsken som skjer i næringslivet, eit unntak er Tine.

Nynorskprosenten i skulen går ned. Det er mykje målbyte. Ein grunn til dette kan vere at nynorske lærebøker kjem for seint. Dette bør det arbeidast med frå mange hald. Gå laus på politikarane, lokalt og sentralt.

For at elevane skal få gode haldningar til nynorsk bør ein byrje tidleg, alt i barnehagen. Finn ut kva nynorsk litteratur som finst i den lokale barnehagen. NU:Motiver barnehagane til å skaffe seg og bruke nynorsk litteratur. Minn dei om dei praktiske tipsa som finst på internett.

Medlemstalet i Noregs Mållag bør opp. Nynorskbrukarar bør oppmodast om å bli medlem. Det har vore ein del vanskar med medlemsregisteret, det er von om at dette blir betre.

Stortingsmeldinga «Mål og meining» har mykje positivt, men intensjonane er ikkje godt nok følgt opp t.d. i statsbudsjettet.

Det blir arbeidd med leiarutdanning for tillitsvalte. Ønskje frå lokallag og fylkeslag blir teke vel imot.

Det vart ein del kommentarar om m.a. nynorsk for innvandrarar, tilgangen på nynorsk barne- og ungdomslitteratur, nynorsk i lærarutdanninga, positiv tilbakemelding til avisene for nynorskbruk.

Det vart nemnt at Spor, fylkesmagasinet for Møre og Romsdal, har fått inn meir nynorsk etter oppmoding.

Saker som er til drøfting i Noregs Mållag.
Garborgsenter: Kvar skal det plasserast, i samband med eit forretningsbygg eller på garden Garborg.

Årsmøte: Kvart år eller annakvart år? Stad? I dei siste åra har årsmøtet vore i større byar som det er lettvint å reise til.

2. Arbeidet i lokallaga.
Gjemnes Mållag: Målrøysting, kontakt med «Helseforetak Nordmøre-Romsdal», kulturkveld i Angvika med Tor Erik Jenstad, arbeder med å gje ut songboka «Smålåten»

Tingvoll Mållag: Kulturarrangement med lokale diktarar og om stadnamn ved Ola Stemshaug.
Her finn du stadnamnsamlinga: http://www.tingvoll.kommune.no/Artikkel.aspx?AId=986&back=1&MId1=4&MId2=835&MId3=&
Barnebokprosjektet: Dei har lånt ut bøker frå barnebokprosjektet.
Surnadal Heimbygdlag: Barnebokprosjektet, Kleivakveld under Vårsøghelga, sel bøker, aktuelt med nyutgjeving av Vårsøgboka, ordliste over surnadalsmålet er å finne på nettet under Surnadal kommune, kultur.

Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag: Fekk inn punkt om skriftkultur kulturplan i kommunen og uttala seg om kyrkjespråket, arbeider med å få nynorskpraktikant i Aura avis, lesarring.

Halsa Heimbygdlag: Har gjeve ut dialekthefte med lokale namn på planter og dyr. Tek hand om måleria etter Olav Halse. Til dette arbeidet har dei fått 15000,- kr. frå kommunen.

Rindal Heimbygdlag:Årsskrift, bok med rindalshumor, kulturvandring.

Romsdal fylkesmållag v/ Øyvind Fenne: 3 aktive lokallag: Molde,Vestnes og Rauma. Viktig med samarbeid med Nordmøre Mållag. Har eigen mållovsansvarleg.

Trønderlaget v/ Gunnvald Bøe: ca. 15 lag: Gir ut «Jul i Trøndelag», har boksamling til skular, møte med biskopen om kyrkjespråk.

3. Språklovgjeving. Innleiing v/ Olav Kuvås: Mållova: Verktyet er godt nok, men oppføljinga er for dårleg. Fleire er fritkne for mållova, m.a. Riksrevisjonen, Stortinget. Nøytrale kommunar blir ofte i praksis bokmålskommunar. Nøytrale kommunar kan vedta meir detaljerte reglar. I forvaltingsplan for kommunar bør det stå noko om målbruk. Kan vedta at skriv frå staten skal vere på anna målform enn administrasjonsspråket i kommunen. Privatpersonar har krav på svar på eiga målform. Skal vere minimum 25 % av kvar målform i NRK og TV2. Har ingen konsekvensar å bryte mållova. Vil bli ei ny mållov som må ha med straffesanksjonar. Den bevisste haldninga til språk er meir utvikla i andre europeiske land. Mållova stiller krav, dei må føljast opp.

4.Nøytral språkpolitikk i aviser og kommunar. Finst det? Innleiing ved redaktør i Driva, Ole Petter Pedersen.
Journalistar må ofte kjempe for å få lov til å bruke nynorsk. Driva har tradisjonar for nynorsk og kjem ut i eit nynorskområde. Fleirtalet av leiarartiklar er difor på nynorsk. Nynorsk skal brukast til alle emne, ikkje berre eit festspråk på kultursidene. Har fått berre positive reaksjonar på nynorskbruk i avisa. Journalistar i Driva som skriv godt nynorsk blir oppmoda til å bruke det.
Har sett på kommunestyrepapira i Sunndal kommune, som er språkleg nøytral, dei var for det meste på bokmål.
Ei enorm utvikling i bruk av språk, nynorsk må vere med i denne utviklinga.
Nils Ulvund presenterte «Aktuelle spørsmål til kommunane»

5.Bruken av heimesida til Nordmøre Mållag v/Nils Bjørsvik
Gå inn på Noregs Mållag si side så finn du fram. Lokallag og einskildpersonar må kome med ønskje og innspel.

6.Barnehagesatsinga Innleiing ved Nils Ulvund.
Nils Ulvund orienterte om «Med song skal skrifta lærast» kurs for tilsette i barnehage og skule
Boka «Dette leika vi med» av Marit og Ola Stemshaug, utgjeven på Det norske samlaget, vart nemnt.
Ingvild Ruland orienterte om boka «Smålåten» som kjem ut før jul. Gjemnes Mållag står for utgjeving av boka som er meint for dei aller minste og foreldra deira. Dei som vil ha tak i boka kan kontakte Ingvild.Ruland@svorka.net , tlf. 93861477.

Ann Grimsmo, skrivar.

Her er leiareartikkelen i Driva den 16.nov. 2009
http://www.driva.no/article/20091116/MENINGER01/844731126

NAB
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS