FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: aukan08 @ gmail.com

Aktuelt Gamalt Årsmøte Du mitt Nordmøre Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Prosjektrapporten

 (11.11.2010)

"Nynorsk for alle" kan de lese her.

SPRÅKKULTUREN - STYRT ELLER I FRI FLYT?

Grunnlag for prosjektet:
1. Arbeidet som tidlegare har vore gjort i samband med «Enno så segla ho Magnill» (kom ut i 2002) og kontakt med kommunar og aviser om språkbruk. Nemner bl.a.:
Stoffet i boka inneheld songar, viser og rim og regler frå Nordmøre og var eit grunnlag for vellykka Pirion-kurs i 2001.
Sommaren 2005 besøkte mållaget dei fleste kommunane på Nordmøre og drøfta språkpolitikk med representantar for kommunane, vi hadde innleiing om emnet for ORKidé same året.
2. Prosjektplan er i søknaden til Noregs Mållag datert juni 2007.
3. Støtte frå Noregs Mållag på 120.000 kr. og avsetting frå Nordmøre Mållag på 40.000 kr. og støtte frå anna hald på 91.500 kr.

Hovudmålet har vore å fremje nynorskbruk i barnehage, skule, kommunar og aviser.
I tillegg sa styret i Noregs Mållag: Styret ber Nordmøre Mållag formidla planar og tiltak, slik at dei kan vera til inspirasjon og nytte for andre lag.

Delmål har vore
• Nynorsk som bruksspråk – synleg for alle.
• Nordmøringane skal bli tospråklege og såleis vera reelt i stand til å velje skriftleg målform.
• Få til offensiv målavrøysting som resultat av prosjektperioden.
• Styrking av mållagsarbeidet på Nordmøre er nødvendig om hovudmålet skal nåast.
• Med tiltaka som er tenkt vil ein ha godt håp om å få 25 –40-åringane meir aktivt med i målrørsla.
• Skaffe røynsler som kan utvikle styrking av fylkeslaga i Noregs Mållag.

Organisering og økonomi
Prosjektperioden vart 1.8.2007 – 31.07.2010, men var opprinneleg tenkt eit år om gongen.
Arbeidet har vore drive med prosjektleiar i 10 % stilling ved frikjøp frå anna arbeid. Nils Ulvund var prosjektleiar. Lønskostnadene vart 65 % av det som var til rådvelde av innsamla midlar som i alt var på 253.500 kr., 34 % (91.500 kr.) av det var gåver og tilskott frå andre enn mållag.
Eit eige vedlagt notat viser oversikt over finansieringa.

Av tiltaksarbeidet blir dette nemnt:
Barnehage og skule
1. Oppstarten av prosjektet vart markert med pressekonferanse i Øksendal oppvekstsenter der Audun Gikling song, fortalde og las for borna før prosjektet var presentert for dei vaksne og pressa.
2. Møte med barnehagestyrarane i to kommunar der tankar om lokal språkkultur munnleg og skriftleg vart presentert. I tillegg var det fokus på nynorske barnebøker og nynorske nettstader.
3. Det har vore arrangert tre kurs for lærarar i barnehagar og skular der presentasjon av lokale songar, rim og regler vart innlært. Kurstittel: Med song skal skrifta lærast. Ein kort del med tankar om samanhengen mellom lesing og skriving. Boksal: Enno så segla ho Magnill og Syng sjøl ( Ca. 80 stk.)
4. Opplysningsarbeid om språk og språkressursar for lærarar. Det er bl.a. utdelt tips om gode ressursar i språkopplæringa på nettet.
5. Vi har lånt ut 300 barnebøker til tre kommunar for å utvikle medvitet om verdien av å bruke nynorsk for alle.
6. Aktiv deltaking i dei tre folkerøystingane om språk som har vore i perioden, ved å delta på møte og delta i avisdiskusjonane.
7. Prosjektet arrangerte kurs i nynorsk i samarbeid med Sunndal Ungdomsskule, 56 kommunetilsette delttok, dei fleste var lærarar.
8. Vi har eiga nettside der det finst stoff om prosjektet.

Avisspråket
1. På mars i 2008 var det seminar om språkbruk i avisene. Etter seminaret vart det sett slik fokus på avisspråket at det har vorte meir nynorsk i avisene, truleg og som resultat av det arbeidet mållaget har gjort.
2. Vi har samarbeidd med Riksfondet for nynorsk presse for å finansiere nynorskpraktikant i lokalavisa Aura Avis. Det lykkast rett nok ikkje å få tak i praktikant, men det aktualiserte skriftkulturen i avisa.
3. To aviser/redaktørar har fått målprisen til Nordmøre Mållag ( Tidens Krav for 2007 og redaktør Ole Petter Pedersen i Driva for 2009)
4. Mange av tiltaka i prosjektet har fått brei dekking i avisene. Det har vore grunnlaget for utvikling av eit positivt omdømme.
5. Fleire reportasjar, intervju og redaksjonelle artiklar enn før er skrivne på nynorsk.

Kommunal språkpolitikk
1. Det har vore arbeidd med skriftspråket i kommuane ved at eit notat om kommunal språkbruk vart presentert for kultursjefane i kommunane på Nordmøre. Minst tre kommunar har teke inn punkt om skriftkulturen i den kommunale kulturplana si etter initiativ frå prosjektet. Det kom positive reaksjonar på tanken om kurs i skriving for saksbehandlarar.
Eit planlagt seminar om skriftkulturen i kommunane vart avlyst, men førte til positive kommentarar om saka i pressa.

Lagsarbeidet
1. På laget si heimeside er mykje av det som er gjort, lagt inn. https://www.nm.no/lag/nordmoremallag/
2. Idear til tiltaksarbeidet i laga er presentert på lokallagssamlingar/inspirasjonsseminar
3. Nokre lokallag har kontakta prosjektleiaren om støtte og råd.
4. Prosjektleiaren har vore på møte med Romsdal Mållag og Molde Mållag.
5. På oktober var prosjektleiaren på lagssamling i Trønderlaget og presenterte konkrete tiltak i lagsarbeidet.
6. På november 2009 deltok prosjektleiaren på møte med NM om prosjekta i organisasjonen.

Etterarbeid hausten 2010
1. 13. november er det avslutning for prosjektet som ein del av lokallagsseminaret. Representantar for dei som har vore involvert, skal presentere erfaringane sine. Det er barnehagar, skular, aviser og kommunar i tillegg til Noregs Mållag.
2. 2010/2011 er det tanken å arrangere kurs i å skrive kommunale saksframstellingar, «På saklista».
3. I samarbeid med Samlaget skal vi i haust bruke ca. 20000 kr. til å gje bøker til barnehagar og skular i fleire av kommunane. Dette skal knytast til den nynorske skriftkulturen. Arbeidet er alt i gang i eit par av laga.
Ymse
Mykje tid er bruka til å finne ressursar, utvikle idear og lage skisser til tiltaka.
Vi svarar gjerne på spørsmål om prosjektarbeidet også i form av orienteringar på møte.

Vurdering ( som resultat av seminaret, )
Fleire reaksjonar tyder på at nynorsk og mållag har fått eit meir positivt omdømme i prosjektperioden. Mange skular brukar Enno så ...... aktivt på ulike måtar , nyn. I avisene
Kva oppnådde vi? Medvitet om språk er auka.
Kva fungerte godt? Songkursa og seminaret om avisspråket.
Kva fungerte dårleg? Seminaret om kommunal språkpolitikk som vi måtte avlyse.
Vurdering av delmåla: Tenk på dette!!!

Litt generelt slik det er formulert i rapport til M & R fylke: Gjennom avisomtale av ymse tiltak har vi fått fram språket for folk flest. Dei vi har samarbeidd med, har utvikla forståinga for at vi må arbeide aktivt for språkutviklinga anten det er i aviser, kommunar eller i barnehage og skule. Serleg har vi fått fram kor viktig det er at nynorsken er synleg for born barnehagen og skulen i bøker på biblioteket, for alle i avisene og i kommunal samanheng. Det er vanskeleg å påvise konkrete positive verknader, men vi meiner at vi har oppnådd ei bevisstgjering av at nynorsk høyrer heime i den nordmørske skriftkulturen. Altså at nynorsken er for alle.
Er det no grunnlag for å svare på spørsmålet i tittelen på rapporten?

Oppfølgjing og vidareføring
Oppfølgjinga er det ikkje teke stilling til enno. Det blir opp til styret kva det greier å få til.



Ålvundfjord 7. november 2010



Nils Bjørsvik , leiar i Nordmøre Mållag


________________
Nils Ulvund, prosjektleiar


Vedlegg: Finansoversikt



STØTTEOVERSIKT 2007-08 2008-09 2009-10 Sum

Noregs Mållag 40000 40000 40000 120000
Eigne midlar 10000 15000 15000 40000
Fosna Mållag 2000 2000
Sum mållag 52000 55000 55000 162000 64%

Sunndal Kommune 12000 12000
Kleivafondet (Surnadal kom.) 10000 0 10000
Gjensidige N og R 5000 5000 5000 15000
Gjensidige Surnadal 1500 5000 4000 10500
ORKidé 3000 3000
MVO 8000 3000 0 11000
Surnadal Sparebank 5000 5000
0
M & R Fylke 8000 17000 25000
Sum andre enn mållag 52500 13000 26000 91500 36%

TOTALSUM 104500 68000 81000 253500

Lønskostnader 49382 56982 58929 165293 65%
Til disp til tiltak kvart år 55118 11018 22071 88207 35%
Til disp til tiltak pr år i gj.snitt 29402 29402 29402


Rekneskap for prosjektet er ikkje ferdig.

NAB
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS