top of page
Rogaland_mållag_4_1000x110.jpg
vegar_forside_nett%2520april%2520GS_edit

Rogaland Mållag er eit fylkeslag i Noregs Mållag, og femner om Sør-Rogaland og Ryfylke (Haugalandet høyrer til under Karmsund Mållag)

Rogaland Mållag arbeider ålment med målsak i Rogaland. Me har mellom anna utval som arbeider med kvar sine aktuelle emne, me skipar kulturvandringar og seminar, og me deler kvart år ut ein målpris til nokon som har markert seg på ein positiv måte gjennom å nytta nynorsk og/eller målføre

Nynorsk4ever
- bli med du og!

Nynorsk skal vera eit levande bruksspråk i landet vårt.

 

Då treng me mange stemmer som stiller seg bak det politiske og praktiske arbeidet som fremjar språkleg likestilling.

Screenshot 2020-11-06 at 13.57.59.png
roger_er_kul.png

Tidi gjekk og gjekk, og ansa ikkje på kva folk tenkte.

"

Time passed without any attention to what people were thinking.

Die Zeit nahm ihren Lauf, ohne zu beachten, was die Leute dachten.

Nynorsk på YouTube
roger_er_kul.png

Kvar kveld reier orangutangane på Sumatra seg seng høgt i tretoppane. Breier lauv godt over seg, før dei legg seg til å sova.

"

Handlingsplan 2024

IMG_1470.JPG
  • Fylkeslaget vil få i gang eit prosjekt for å stogga målbytet i fylket.

    • Fylkeslaget vil arbeida med å få oppretta ei stilling lokalt for å arbeida med dette, saman med m.a. Noregs mållag, Jærskulen og politisk hald på fylkes- og kommunenivå. Mål: oppstart hausten 2024. 

    • Prosjektet vil m.a. tilby lærarar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen innføring i antologien «Vegar ut til alle kantar» med tilhøyrande undervisingsressursar. 

    • Prosjektet vil m.a. arbeide for å få skipa ein nynorsk motivasjonsdag for lærarar i grunn- og vidaregåande skular i fylket, anten saman med fylkeskommunen eller åleine. Mål: september 2024.

  • Rogaland Mållag vil invitera Karmsund Mållag og Rogaland Ungdomslag til eit tettare samarbeid om oppgåvene i fylket.

  • Fylkeslaget si målprisnemnd vil dela ut målpris(ar) for å kaste positivt ljos på og blest om gode nynorske førebilete.

  • Fylkeslaget vil halda fram arbeidet kring eit Lølandsenter. 

  • Alle lokallaga skal ha ein kontaktperson i styret. Kontaktpersonen kan inviterast til styremøter eller andre samlingar i lokallaget og vera ein lokallaga kan stø seg på, lufte idéar med og spela inn tiltak til.

  • Fylkeslaget vil saman med lokallaga arbeida for å auka talet på medlemmer slik at me når målet om 1500 medlemmer i Rogaland innan fylkesårsmøtet i 2025.

  • Styret vil følgja opp målbruken frå Lyse, Kolumbus og andre offentlege aktørar

Det sterkaste signalet om kven vi er

Om du reiser Rogaland på langs og på tvers, vil du høyre og oppleve dialektrikdom.


Dialektar og talemåtar som uttrykkjer styrke, lokalt særpreg og nedarva identitet.

 

Den observante vil også leggje merke til at talemålet i alle delar av fylket vårt, i både by og bygd, har nynorsk som grunntone. Slik sett burde nynorsk som skriftspråk stå sterkt i Rogaland.

 

Men slik er det ikkje. Det kan nok delvis tilskrivast at Rogaland historisk har vore ekstrovert og vendt seg utover, mot både inn- og utland. Den internasjonale oljenæringa har nok også lagt press på språket vårt dei siste seksti åra.

 

Det minner oss om at vi ikkje må gløyme det vi har, ikkje vatne ut oss sjølve i jakta på noko anna, noko nytt, noko betre.

 

I Rogaland fylkeskommune har vi eit mål om å ha heile fylket i bruk. Det fordrar menneske og personar som vil bu, byggje og jobbe i alle delar av fylket.
Det er dokumentert at ei sterk kjensle av å høyre

Screenshot 2020-10-07 at 10.39.46.png

til, å vere stolt av heimtraktene sine og stå støtt i identitet sin, ofte er avgjerande når menneske vel kor dei vil bu. 

Dialekten vår er det sterkaste signalet om kven vi er, kor vi kjem frå og kva arv vi ber med oss.


Det er eit teikn i tida at vi snakkar om god ressursbruk, om ei kursendring og ei omstilling til noko anna enn eit einsidig vekstsamfunn. Til ei meir berekraftig framtid. Vi vil tilbake til røtene, dyrke vår eigen mat og leve eit enklare liv. Som ei forlenging av dette, er det naturleg å slå ring om og slå eit slag for språket vårt som ein viktig del av røtene våre.


Rogaland fylkeskommune eig og driv vidaregåande skular i alle delar av fylket. Eg er oppteken av at skulane våre skal medverke i å ta vare på språket vårt - på nynorsken - som ein del av kulturarven og identiteten vår.

 

Det skal aldri bli ei plikt å bruke nynorsk som skriftspråk, men dei vidaregåande skulane skal vere garantistar for at det er ein rett for dei som ønskjer det.


Rogaland Mållag har stått i striden for nynorsken i hundre år. Det er eg takksam for. Og det er godt å sjå at det er ein vital og oppegåande hundreåring vi gratulerer.


I ei tid der utviklinga skjer raskare enn nokon gong, er det viktig å halde målfana høgt.


Gratulerer så langt og lykke til med dei neste 100!

 

Marianne Chesak
Fylkesordførar i Rogaland

bottom of page