Læremiddel på nynorsk no!

Vi krev lærebøker og digitale læremiddel på nynorsk.

Den nynorske skulekvardagen fløymer over med lærebøker på bokmål, digitale læremiddel på bokmål, og skriveprogram på bokmål.

Denne systematiske nedprioriteringa av nynorsken går hardt ut over nynorskelevane. Dette må styresmaktene gjere noko med!

Noregs Mållag krev:

  • Lærebøker må vere klare på nynorsk til skulestart
  • Alle digitale læremiddel må kome på nynorsk
  • Stavekontroll og læringsplattformer må kome på nynorsk
  • Slutt på bokmålslæremiddel på nynorskskular

– Det er ein skandale at nynorskelevar må lære seg å skrive i program som gjev dei raude strekar under ord dei skriv rett.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag

Vanskelegare å vere nynorskelev
For at nynorskelevane skal bli trygge i å skrive nynorsk og trygge nok til å halde på språket gjennom heile skulegongen, treng dei å lese og sjå meir nynorsk, fordi samfunnet er dominert av bokmål. Det er kommunane og fylkeskommunane sitt ansvar at elevane får oppfylt dei språklege rettane sine i skulen. Mange av dei er ikkje klar over dette ansvaret, eller tek for lett på det.

Framlegg til ny opplæringslov er på høyring. Høyringsfristen er 20. desember 2021.
Dette blir den viktigaste utdanningspolitiske saka for det nye Stortinget. Målet vårt er at nynorskelevane vert prioriterte i lova. 

Historie
I 1971 streika 30 000 elevar ved 112 skular for å få lovfesta retten til at lærebøker på nynorsk skulle kome til same tid og pris som lærebøker på bokmål, og for ¨få større løyvinga over statsbudsjettet til nynorske lærebøker. Elevsteiken og krava fekk mykje merksemd. Løyvinga vart auka av Stortinget same hausten og tre år seinare fekk målrørsla det viktige gjennomslaget. 50 år etter er det diverre framleis slik at nynorskbøker kjem for seint, og digitale læremiddel skapar nye utfordringar for nynorskelevane. 

Her kan du lese nokre aktuelle artiklar om saka:
«En månad utan arbeidsverktøy» – leiar i Nationen

Raude strekar lurer nynorskelevar til å skriva feil –NRK Vestland

Kampen som aldri tek slutt – Norsk Tidend

Rapport om digitale læremiddel i skulen med tanke på nynorsk