Kommunane

I områda der nynorsk er i aktiv bruk i lokalsamfunnet, er kommunane livsviktige for vilkåra til nynorsk og nynorskbrukarane.

I Noreg er det 90 nynorskkommunar og fleire kommunar der både bokmål og nynorsk er i aktiv bruk i samfunnet. I alle desse kommunane lever nynorsk under press av majoritetsspråket bokmål. Vilkåra for nynorsk er betre i kommunar som har ein aktiv språkpolitikk og klare retningslinjer for språk. Sjølv om kommunane har ansvaret for å ha ein god lokal språkpraksis, kan staten vera ein viktig støttespelar gjennom ordningar som støttar opp om nynorskkommunane. Kommunesamanslåingar der nynorsk- og bokmålskommunar slår seg i hop, går svært hardt ut over levekåra til nynorsk i mange lokalsamfunn. Det er det viktig å motverke.

Noregs Mållag meiner:

  • Kommunane må ta større ansvar for nynorsk gjennom vedtak om nynorsk tenestemål, og gjennom språkbruksplanar som forpliktar dei som nynorskkommune og gjer det vanskelegare å svekkja statusen til nynorsk i kommunane. Alle interkommunale selskap og andre kommunale verksemder må vera omfatta av same krava.
  • Det må gjerast meir attraktivt å vera ein nynorskkommune, til dømes gjennom økonomiske insentiv.
  • Rettane til nynorskbrukarar og minoritetsspråksbrukarar må sikrast når kommunar slår seg i hop. 
  • Staten må bidra til at det vert lettare å vera nynorskkommune. Det handlar til dømes om å sikra at det finst programvare på båe språk, at anbodsutlysingar sikrar tenester på båe språk og etterutdanning for tilsette som treng meir nynorskkompetanse. Kommunar som bruker mest bokmål, får alt dette utan å måtta arbeida for det.
  • Staten må kunna føra tilsyn med at innbyggjarane får oppfylt rettane sine, og at nynorsken er i bruk. Staten bør òg greia ut korleis kommunane følgjer opp dette.
  • Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) må sikrast trygge økonomiske rammevilkår.

Det er 90 nynorskkommunar i Noreg