Språkteknologi

Vi må sikra at alle nordmenn kan kommunisera med maskiner på nynorsk og dialekt.

I framtida kjem vi til å prata meir og meir med maskiner, for teknologien vil koma dit at stadig fleire funksjonar rundt oss vert styrte av taleteknologi. Kva språk kjem maskinene til å forstå? Om avgjerdene vert overlatne til marknaden åleine, kan det innebera den største talemålsnormeringa sidan radioen kom.

Noregs Mållag meiner:

  • Staten må ta ansvaret for at tilgjengeleg språkteknologi vert like breitt utvikla for nynorsk som for bokmål. Det bør òg setjast inn tiltak for utvikling av samisk og kvensk språkteknologi.
  • Noreg må få taleattkjenningsteknologi som forstår dialektar.
  • Staten må utvikla ein nynorsk ordbank til bruk for språkteknologiske nyvinningar.
  • Kvalitetssikra maskinomsetjing til nynorsk kan spara det offentlege for svært store utgifter, samstundes som det kan innfri viktige rettar for nynorskbrukarane.
  • Språksamlingane ved Universitetet i Bergen må få ei nøkkelrolle i utviklinga av jamstilt språkteknologi.