aktuelt

Vil du jobba i Noregs Mållag?

medlemmar

Noregs Mållag har ledig stilling som kommunikasjonsrådgjevar og redaktør for medlemsbladet Norsk Tidend.

Vi søkjer etter ein ryddig, sørvisinnstilt, allsidig, kreativ og fleksibel person som ønskjer å arbeida som:

Redaktør og kommunikasjonsrådgjevar med vekt på arbeidsoppgåvene:
– Redaktør for medlemsbladet vårt Norsk Tidend (om lag 50 %)
– Grafisk formgjeving av profiltilfang og informasjonsmateriell
– Heimesider og sosiale medium
– Informasjonsarbeid

Ut frå bakgrunnen til søkjarane vil det bli vurdert kva for nokre av arbeidsoppgåvene som er mest relevante ved sida av redaktørfunksjonen for Norsk Tidend. Alle medarbeidarane må også vera budde på å setja seg inn i aktuelle politikkområde og å ta tak i andre oppgåver når det er naudsynt.

For stillinga gjeld:
Du bør ha utdanning på høgskule- eller universitetsnivå og røynsle frå informasjons- og organisasjonsarbeid. Røynsle frå politisk arbeid er også ein fordel. Stillinga krev evne til sjølvstendig arbeid, og kan føra med seg noko reising.

Redaktøren samarbeider nært med dagleg leiar, politisk rådgjevar, informasjons- og organisasjonskonsulent, organisasjonskonsulent og skulemålsskrivar.

Stillinga er i dag plassert i lønsramme 21 i statens lønsregulativ med innplassering etter utdanning og ansiennitet. Arbeidsspråket er nynorsk.

Stillinga er fast og ledig frå 1. august. Kontorplass er i Oslo.

Søknad med kopi av attestar og vitnemål kan sendast til:
Noregs Mållag
Lilletorget 1
Sentrum
0184 Oslo
eller på e-post til gro.morken@nm.no.

Søknadsfrist: 18. juni 2021.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Gro Morken Endresen, telefon: 23 00 29 37 / 95 78 55 60, e-post: gro.morken@nm.no.