FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ nynorsk.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Nynorsk redaktørpris 2014 til Bjørgulv Braanen

 (13.06.2015)

Mediemållaget tildeler ansvarleg redaktør for Klassekampen, Bjørgulv Braanen, Nynorsk redaktørpris for 2014.

Føremålet med prisen er å heidra dei redaktørane som gjer ein ekstra innsats for nynorsk som mediespråk. Redaktørane er premissleverandørar for språkpolitikk og språkhaldningar i sine redaksjonar. Mediemållaget ønskjer å framheva dei redaktørane som gir nynorsken gode levekår i journalistikken.

Ein kan driva god språkleg leiarskap og få denne prisen utan å vera nynorskskrivande sjølv. Fleire tidlegare vinnarar er i den kategorien. Det gjeld òg vinnaren av Nynorsk redaktørpris for 2014.

Grunngjeving
Bjørgulv Braanen får Nynorsk redaktørpris for tydeleg språkleg leiarskap. Sjølv om bruk av begge målformene er ein redaksjonell arv frå byrjinga av i Klassekampen, er det likevel avgjerande at ansvarleg redaktør tek ein aktiv posisjon for korleis ei språkkløyvd avis skal framstå og rekruttera. Braanen reknar nynorskkompetanse som ein fordel ved rekruttering, og det vert teke inn praktikantar frå Nynorsk avissenter i Førde. Slik bidreg han òg til utvikling som kjem andre til gode.

Gjennom å sleppa til nynorsken i alle slags saksområde, og tydeleg på framsida, bidreg Braanen og Klassekampen òg til å syna at nynorsk er eit bruksspråk for heile media, ikkje berre til kommentarar og spesielle høve. Ei hovudstadsavis som viser dette, og som dessutan har hatt god opplagsvekst over fleire år, er eit godt prov for at nynorsk og språkkløyving ikkje er eit hinder for framgang i medieverda.

Om prisvinnaren

• Braanen er fagutdanna sveisar,
• Han har arbeidd i Klassekampen som layoutsjef på 80-talet.
• I 1990 byrja han i Dagens Næringsliv der han arbeidde på desken, med Magasinet, seinare som journalist og sjef for Etter Børs-seksjonen
• I 2000 vart han redaksjonssjef i Klassekampen, og frå 2002 ansvarlig redaktør.

Beste helsing
Berit Rekve
leiar for Mediemållaget
958 70 611

© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS