FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ nynorsk.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Årsmøte 2017 Årsmøte 2013 Årsmøte 2012 Styret Årsmøte 2011 Årsmøte 2010 Årsmøtet i 2009 Årsmøtet i 2008 Årsmøtet i 2007 Lenkjer

Vedtekter

 (17.05.2007)

VEDTEKTER FOR MEDIEMÅLLAGET

(Sist endra av årsmøtet 2011.)

§ 1

Mediemållaget har til føremål

a) å samle mediafolk innan presse, kringkastings-, forlags-, film-, reklame- og kommunikasjonsverksemd til arbeid for å fremje nynorsk.

b) å auke kunnskapen om og vørdnaden for nynorsken og dialektane våre.

§ 2

Mediemållaget er eit yrkesmållag i Noregs Mållag, med dei rettar og plikter det gjev. Så langt råd er skal Mediemållaget ha arbeidsgrupper/kontaktfolk i alle fylke.

§ 3

Arbeidsåret fylgjer kalenderåret. Laget held årsmøte innan utgangen av april. Det skal kunngjerast minst tre veker på førehand. Innkalling skjer m.a. med rundskriv til medlemmene. Omframt årsmøte skal haldast dersom styret vedtek det eller minst ¼ av medlemmene krev det.

§ 4

Årsmøtet godkjenner årsmelding og rekneskap, fastset årspengar og vedtek arbeidsprogram.

Røysterett på årsmøtet har ein som har betalt årspengar for året som var.

§ 5

Årsmøtet vel

a) leiar for eitt år ved særskilt val

b) 4 styremedlemmer. Styremedlemmene vert valde for to år om gongen og halvparten står på val kvart år, fyrste gongen etter lutkast.

c) 3 Varafolk vert valde for eitt år om gongen.

d) ettersynsfolk for rekneskapen

e) utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag

f) valnemnd på tre personar

§ 6

Styret vel seg imellom nestleiar, skrivar, kasserar og og står for det daglege arbeidet mellom årsmøta. Styret kan seg imellom velje eit arbeidsutval.

Styret er vedtaksført når det er innkalla på vanleg måte og minst fire (4) av styremedlemmene eller varafolka møter, mellom dei leiaren eller nestleiaren

§ 7

Laget er å rekne som nedlagt når det kjem ned i eit medlemstal på under fem (5) eller dersom det tre (3) år på rad ikkje vert halde årsmøte og sendt årsmelding til Noregs Mållag.

§ 8

Dersom laget vert lagt ned, skal styret i Noregs Mållag ta hand om møtebøker og anna eige. Vert det skipa nytt lag, og det vert gjeve melding om det til Noregs Mållag innan fem (5) år etter at laget er lagt ned, skal eigedommen gå attende til laget. Går det lenger tid, overtek Noregs Mållag eiga og nyttar dei til tiltak for nynorsk i media.

§ 9

Framlegg til brigde i vedtektene må vera gjort kjent for medlemmene minst tre veker før årsmøtet. Dersom eit framlegg til brigde av §§ 3-8 får 2/3 fleirtal, er det vedteke. For å brigde §§ 1, 2 og 9 krevst samrøystes vedtak.

 

© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS