FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Nynorsk redaktørpris 2017 til Gard Steiro i VG

Ansvarleg redaktør og administrerande direktør i VG, Gard Steiro, får Nynorsk redaktørpris for 2017. 
Steiro får prisen for å ha opna opp for nynorsk på redaksjonell plass i VG. 

- Når Mediemållaget i år feirar 40 år, og vi dessutan står framfor feiringa av 200-årsdagen til Aasmund Olavsson Vinje, pressemannen som alle norske mediefolk står på akslene til, er det gildt å kunna tildela nett denne prisen, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget


Grunngjeving:

Opninga for nynorsk på redaksjonell plass i VG er ei historisk vending. Det viser språkleg leiarskap og forståing for språksituasjonen og nynorsk som jamstilt riksspråk. Opninga for nynorsk er i ånda til jamstellingsvedtaket frå 1885.

Ansvarleg redaktør Gard Steiro har eit respektfullt og inkluderande syn på lesaren og  set det i samanheng med ønsket om at mediehuset han er leiar for skal vera for heile folket. Dette inngår i ei forståing for kor avgjerande eit inkluderande og vidt offentleg ordskifte er for media, for styrking av tillit og mindre fragmentering.

For alle lesarar, men særleg for born og unge som skal læra å finna si eiga skriftlege røyst, er det vesentleg å møta aksept for språket sitt i dei store media, anten det er på papir eller andre plattformer. I vår digitale verd er vegen til denne lesaren over heile landet kortare og enklare enn før. At nett VG vil publisera artiklar på nynorsk om mange tema, er eit signal til nynorskbrukarar om at språket er likeverdig og like brukande i alle samanhengar som bokmål, at jamstellinga og mangfaldet har verdi.

Om prisvinnaren

Gard Steiro har vore ansvarleg redaktør og administrerande direktør for VG sidan januar 2017. Før det var han nyhenderedaktør same stad.

Steiro har bakgrunn som sjefredaktør, nyhenderedaktør og journalist i Bergens Tidende. Han har òg vore journalist i Bergensavisen.

Om prisen
Jury for prisen er styret i Mediemållaget.
Føremålet med prisen er å heidra dei redaktørane som gjer ein innsats for nynorsk som mediespråk. Som redaktørar er  de premissleverandørar for språkpolitikk og språkhaldningar i redaksjonane. Mediemållaget ønskjer å framheva dei redaktørane som gir nynorsken gode levekår i journalistikken.

Kontakt

Gard Steiro, ansvarleg redaktør/adm.dir. for VG, 913 83 485

Berit Rekve, leiar for Mediemållaget, 958 70 611

Følg Mediemållaget

Twitter: @mediemallaget

Facebook: Mediemållaget

Nettside: mediedagane.no

 

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS