Grunngjeving
Magni Øvrebotten har vore ei sterk kraft for nynorsk mediespråk i meir enn ein generasjon. Det er ho framleis. Gjennom redaktørgjerninga og som leiar for utdanning av journalistar som skal levera på nynorsk på alle plattformer, har Øvrebotten vore framsynt. Ho blir omtala som ”ein sta stubbebrytar” for nynorsken.
Med opprettinga av Nynorsk mediesenter i 2004, der ho har vore dagleg leiar sidan, har Øvrebotten gått føre i arbeidet for korleis ein kan utvikla nye talent til nynorskbrukande journalistar. Senteret er eit føregangstiltak som har danna modell for NRK FleRE i Oslo, som skal utdanna journalistar med fleirkulturell bakgrunn, og Nynorsk avissenter.
Om prisvinnaren
Etter sommarvikariat under Per Hålands regime i Gula Tidend i 1971 arbeidde ho som journalist i Bergens Arbeiderblad, Firda, Nationen og Dølaposten. Ho tok utdanning ved Norsk Journalisthøgskole 1976–78.
Ho kom til NRK Sogn og Fjordane i 1980, der ho var redaksjonssjef 1985–90 og distriktssjef 1990–2004. I 2004 blei ho tilsett som dagleg leiar ved Nynorsk mediesenter i Førde.
Mangi Øvrebotten har òg site i styret for Språkrådet.
Meir stoff om Øvrebotten kan ein lesa på http://nynorskmediesenter.no/tilsett/magni-ovrebotten/
Vinnaren får eit diplom formgjeve av Jens K. Styve.
Kontakt
Magni Øvrebotten, 970 55 201, magni.ovrebotten@nrk.no
Berit Rekve, leiar for Mediemållaget, 958 70 611, mediemaallaget@nynorsk.no
Desse har fått Nynorsk redaktørpris tidlegare: