FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Nynorsk redaktørpris 2013 til Magni Øvrebotten

Dagleg leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten (59), får Nynorsk redaktørpris 2013. Prisen vert tildelt for framifrå innsats for nynorsk som mediespråk. 

- Øvrebotten er og har vore ei sterk kraft for nynorsk mediespråk i meir enn ein generasjon, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve.

Grunngjeving

Magni Øvrebotten har vore ei sterk kraft for nynorsk mediespråk i meir enn ein generasjon. Det er ho framleis. Gjennom redaktørgjerninga og som leiar for utdanning av journalistar som skal levera på nynorsk på alle plattformer, har Øvrebotten vore framsynt. Ho blir omtala som ”ein sta stubbebrytar” for nynorsken.

Med opprettinga av Nynorsk mediesenter i 2004, der ho har vore dagleg leiar sidan, har Øvrebotten gått føre i arbeidet for korleis ein kan utvikla nye talent til nynorskbrukande journalistar. Senteret er eit føregangstiltak som har danna modell for NRK FleRE i Oslo, som skal utdanna journalistar med fleirkulturell bakgrunn, og Nynorsk avissenter.

 

Om prisvinnaren

Etter sommarvikariat under Per Hålands regime i Gula Tidend i 1971 arbeidde ho som journalist i Bergens Arbeiderblad, Firda, Nationen og Dølaposten. Ho tok utdanning ved Norsk Journalisthøgskole 1976–78.

Ho kom til NRK Sogn og Fjordane i 1980, der ho var redaksjonssjef 1985–90 og distriktssjef 1990–2004. I 2004 blei ho tilsett som dagleg leiar ved Nynorsk mediesenter i Førde.

Mangi Øvrebotten har òg site i styret for Språkrådet.

Meir stoff om Øvrebotten kan ein lesa på http://nynorskmediesenter.no/tilsett/magni-ovrebotten/        

Vinnaren får eit diplom formgjeve av Jens K. Styve.

 

Kontakt

Magni Øvrebotten, 970 55 201, magni.ovrebotten@nrk.no

Berit Rekve, leiar for Mediemållaget, 958 70 611, mediemaallaget@nynorsk.no

 

 

 

 

 

Desse har fått Nynorsk redaktørpris tidlegare:

  • 2012 Ansvarleg redaktør for Hallingdølen, Bjarne Tormodsgard
  • 2011 Redaktør for Syn og Segn, Bente Riise.
  • 2010 Sjefredaktør for motemagasinet Elle og Elle Interiør, Signy Fardal.
  • 2009 Redaktør/dagleg leiar Christian Fredrik Stabell, Os og Fusaposten
  • 2008 Sjefredaktør Arne Sigurd Haugen, Nynorsk Pressekontor og sjefredaktør/administrerande direktør Pål Bjerketvedt, Norsk Telegrambyrå
  • 2007 Sjefredaktør Tom Hetland, Stavanger Aftenblad
  • 2006 Distriktsredaktør Per Arne Kalbakk, NRK Østlandssendingen
  • 2005 Sjefredaktør Tove Lie, Nationen
  • 2004 Sjefredaktør Hilde Haugsgjerd og kulturredaktør Cathrine Sandnes, Dagsavisen.

(foto: NRK Nynorsk mediesenter)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS