FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019
Medisinsk Mållag
E-post: anakling @ online.no

Framside Arkiv og årsmeldingar Medisinsk journalføring Om oss Kontakt oss

Årsmelding for Medisinsk Mållag

 (12.04.2019)

Styret har i 2018 vore sammansett slik: Arne Nakling, leiar, Øygunn Kallevik, kasserar, og styremedlem Turid Thune og Terje Brune. Varamedlem: Håvard Skeidsvoll. 

Styresamansetjinga har vore uendra siste 3 åra. Det gjerast nytt val ved årsmøtet 14.3.2019. Alle styremedlemer har stadfest at dei stiller vidare. Vi vonar å rekruttera ein ny styremedlem på årsmøtet. Medisinsk mållag hadde 109 betalande medlemer i 2018, mot 107 medlemer i 2017. Medlemstalet er såleis bra stabilt.

I 2018 hadde vi utgifter til den opne kvelden med Linda Eide i oktober 2017. Dette kom på om lag 1000 kroner meir enn inntektene for laget. Me har motteke medlemspengar for 2017, dermed har laget ein god og stabil økonomi.

I 2018 har styret har halde kontakten på telefon og epost. Laget har også i året som har gått, motteke epostar frå Erlend Bakke, som utan å trøytna peikar på brot på mållova ved lysing etter personell til Haukeland universitetssjukehus, Uni research og Sykehusinnkjøp AS.

Leiaren har hatt kontakt med Marit Aakre Tennø hjå Noregs Mållag sentralt, der vi har formulert ein klage til Språkrådet om at diagnoselistene i alle journalsystem i landet må finnast tilgjengelege på nynorsk. I samråd med NM sentralt har vi også sendt ein klage til Helsedirektoratet om dette.

Det vert diverre ikkje forfattarbesøk ved årsmøtet 14.3., men vi bør ha som ambisjon å invitera ein forfattar til eit ope møte dette året. Dette blir diskutert på årsmøtet.

Bergen, 14. mars 2019
Arne E. Nakling, leiar

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS