FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019
Medisinsk Mållag
E-post: anakling @ online.no

Framside Arkiv og årsmeldingar Medisinsk journalføring Om oss Kontakt oss

Velkomen til Medisinsk Mållag

Medisinsk Mållag er yrkesmållaget for alle som arbeider og studerer i det norske helsestellet. Du er hjarteleg velkomen!

Medisinsk Mållag vart skipa 6. desember 1972. No har vi 104 betalande medlemer og vi vil gjerne bli fleire. Dersom du vil bli medlem, kan du gå inn på Meld deg inn-sida, og i ruta for ynskt lokallag eller yrkesmållag, skriv du Medisinsk Mållag. 

Då laget vart skipa, var det berre lækjarar og medisinske studentar som kunne vere medlemer. Lov for Medisinsk Mållag er no endra slik at alle som arbeider eller studerer innan det norske helsestellet, og som er samde i føremåla til laget, kan vere medlemer.

Medisinsk Mållag har som føremål å dyrke og spreie kjennskap til nynorsk medisinsk fagmål, arbeide for at nynorsk skal få sitt rette rom i helseinstitusjonar av alle slag, spreie medisinsk opplysningsstoff på nynorsk og ta vare på norske ord og nemningar om kropp, sinn, sjukdom og helse.

For å lette arbeidet til laget, har styret vorte samla i Bergen. Det er viktig for styret å presisere at vi ikkje er eit styre for noko lokallag i Bergen. Medisinsk Mållag femner heile landet og vi har medlemer frå alle helseregionar.

Laget har som mål å revidere og leggje ut elektronisk utgåve av boka ”Medisinsk journalskriving”. Å rekruttere nye medlemer er ei kontinuerleg oppgåve i tillegg til føremåla som er nemnde over. Vi ser det som spesielt viktig å nå ut til studentane og syne dei at nynorsk er naturleg å bruke i alle deler av helsestellet.

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS