FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019
Medisinsk Mållag
E-post: anakling @ online.no

Framside Arkiv og årsmeldingar Medisinsk journalføring Om oss Kontakt oss

Helse Vest RHF treng meir tid

 (16.06.2009)

Medisinsk Mållag har etterlyst nynorsk i den elektroniske pasientjournalen (EPJ). No seier Helse Vest RHF at EPJ vil vere oppe på begge målføra i løpet av eit par år. Gradvis, vel å merke.

Medsinsk Mållag sende førespurnad i februar til styret i helseføretaket om nynorsk i EPJ. Samstundes ønskjer laget seg taleattkjenningsutstyr som skjønar noko anna enn stivt bokmål. No er svaret kome. Helseføretaket understrekjar at intern språkbruk ikkje er underlagt språklova, men "ønskjer likvel å leggje til rette for at begge målføre skal vera synlege der det let seg gjere i programvare som blir brukt internt i føretaksgruppa."

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS