FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Medisinsk Mållag
E-post: anakling @ online.no

Framside Arkiv og årsmeldingar Medisinsk journalføring Om oss Kontakt oss

Årsmøtet 2008

 (02.02.2008)

Stad: Taverna Sokrates, Kong Oscarsgt Tysdag 16.1.2008 kl 1930

Frammøtte: Turid Thune, Haldor Slettebø, Øygunn Kallevik, Arne Nakling, Mette Løkeland, Reidar Kvåle. Forfall: ingen. Siv Helle Prestegard møtte som observatør.

Sak 1: Årsmelding for 2007
Turid Thune las årsmeldinga. Årsmøtet vedtok den godkjent. Laget har freista skaffa seg åtgaum på ymse vis, og har lukkast bra med dette i året som gjekk. Det er verd å nemna at redigeringsarbeidet med boka "Medisinsk journalskriving" er starta. Dei frammøtte på årsmøtet var samde om at ein skal ha den ferdigredigert innan utgangen av 2008.

Sak 2: Rekneskap
Rekneskapen vart framlagd av kasserar Øygunn Kallevik. Aktuell saldo er kr 7825. Rekneskapen vart vedteken av årsmøtet.

Sak 3 Val
I fylgje vedtektene skal det vera val på leiar kvart år. Turid Thune vart attvald ved akklamasjon. Dei andre medlemene vert sitjande i styret eitt år til. Det var ikkje framlegg om nye styremedlemer.

Sak 4 Eventuelt Heimesida åt Medisinsk Mållag
Det vart diskutert kva innhald vi skal ha her. Styremøtereferat bør leggjast ut. Det vart ytra ide om diskusjonsforum for språkbruk i journalar.

Som kreativt framlegg vart dessutan nemnt å ha ei spalte med "mitt ord", der helsepersonell får utfordringa frå føregåande bidragsytar til spalta. Vidare vart det nemnt at NM har innkalla yrkesmållaga til samling i Oslo. Der er vi mellom anna blitt lova hjelp til å programmera ei heimeside. Turid og Arne kjem til å reisa dit.

Arne Nakling
skrivar

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS