FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Medisinsk Mållag
E-post: anakling @ online.no

Framside Arkiv og årsmeldingar Medisinsk journalføring Om oss Kontakt oss

Årsmøtet 2006

 (03.05.2007)

Årsmøte i medisinsk mållag
Hotell Augustin, 24.11.2006 kl. 18.00

Frammøtte:
Haldor Slettebø, Øygunn Kallevik, Turid Thune og Arne Nakling.

Sak 1 Årsrapport
Turid las opp årsrapporten. Vesentleg informasjon i denne var at det er blitt 23 fleire betalande medlemer i MM i 2006, grunna god verving i Sogn og Fjordane. Rapporten vart vedteken utan endringar.

Sak 2 Rapport frå kasserarar
Aktuell saldo er 10718,37. Det var alt vedteke at 5000 kr skulle vera honoraret til Einar Økland. Dessutan vedtok styret at mat på årsmøtet skulle dekkjast av MM.

Sak 3 Val
I vedtektene står det at leiar skal veljast av årsmøtet for 1 år av gongen. Leiar Turid Thune vart attvald ved akklamasjon. Når det gjeld styremedlemene, seier alle seg viljuge til å halda fram, så nær som Hege Brekke, som har bede seg friteken. Ho går difor ut av styret. Det er mange nok styremedlemer utan henne: 6 utanom leiar.

Sak 4 Eventuelt
Ingen saker. Det skal nemnast at Einar Økland, som var innbjoden til den sosiale delen av årsmøtet, gjorde ein framifrå innsats med opplesing av dikt. Han hadde også med boka ”Menneskelikamen og helsa” av Idar Handgard, som var ny for nokre av oss. Det vart ein særs hugsam kveld på byens beste vinstove(Altona) etterpå.


Arne Nakling, referent/skrivar.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS