Årsmelding 2006
(03.05.2007) Rapport frå styret i samband med årsmøtet i Medisinsk Mållag 24.11.06.
Styremedlemar i 2006: Turid Thune – leiar Haldor Slettebø – nestleiar Arne Exner Nakling – skrivar og e-postmeistar Øygunn Leite Kallevik – kasserar Reidar Kvåle, Hege Brekke og Mette Løkeland – styremedlemar
Per oktober 2006 var det 106 betalande medlemar i Medisinsk Mållag. Dette er 23 fleire enn i 2005 og skuldast fyrst og fremst aktiv verving av medlemar i Sogn og Fjordane ( Helse Førde) og på Stord med omland. Stor takk til aktive medlemar i desse områda!
Det har vore halde fem styremøte i 2006. Styret har drøfta satsingsområde i næraste framtid. Første målet er å få lagt boka ”Medisinsk journalskriving” ut i elektronisk utgåve. Styret skal så knyte til seg yngre spesialistar i ulike fagfelt som kan hjelpe oss å revidere og modernisere boka. Planen er at boka skal leggjast ut elektronisk med link frå Norges Mållag sine nettsider og andre aktuelle nettsider, spesielt nettsidene til helseføretaka.
E-postadresser: Styret prøver å få tak i e-postadressene til flest mogeleg av medlemane slik at vi kan halde kontakt med medlemane via internett. Dette er mykje enklare og billegare enn å sende brev til medlemane.
I samband med 100-årsjubileet til Noregs Mållag skipa styret til ”Ofsekveld” på Wesselstuen 5. april 2006. 12 medlemar møtte. Marie Lovise Widnes dukka uventa opp ( saman med sonen som er medlem i MM). Marie Lovise song eigne viser til akkompagnement av sonen. Haldor framførte den eigenkomponerte ”Rap for meg og deg”. Praten gjekk livleg og låtten sat laust.
Ingen i styret i Medisinsk Mållag hadde høve til å delta på landsmøtet i Oslo i april. I samband med landsmøtet og 100-årsjubileet vart det skipa til festkveld i Det Norske Teater og jubileumsmiddag og dans i Oslo Rådhus. Haldor møtte som utsending for MM på desse tilskipingane.
Norges Mållag har sendt ut innbjoding til høyring om organisasjonsutviklinga i NM. Yrkesmållaga blir bedne om å uttale seg om kva som kan gjerast betre. Svarfrist 1.12.06. Leiaren vil arbeide ut eit framlegg til svar på høyringa. Berit Rekve er yrkesmållaga sin kontakt i NM. Ho vil sjå på korleis yrkesmållaga kan styrkjast.
Turid Thune 24.11.06
|