Kvitvella Forlag gjev no ut ei barnebok av Kirsten Onstad frå Leira.

Les meir
|
Kjell Mæhre, Torodd Lybeck, Hans Olav Lahlum, Eskil Skjeldal og ikkje minst Bergljot Kaslegard kjem til Bok i Valdres 2017, laurdag 18. november. Kjem du?
|
|
Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, kåserer om fordelane med å velja nynorsk i skulen.
Les meir
|

Sundag 27. august kan du vera med Torodd Lybeck på tur langs Vinda i Øystre Slidre.
Les meir
|
|
Her er fasiten til Valdres Mållag sin dialektkonkurranse under Rakfiskfestivalen 2016. Det var Nord-Aurdal Mållag som hadde ansvaret for å laga konkurransen i år, og me sette bort oppgåva til Håkon Bakkene, dialektguruen i avisa Valdres.
Les meir
|

|
|
Songkveldane til Nord-Aural Mållag har vist seg å vera eit populært tiltak. For femte år på rad arrangerer mållaget no songkveld i Aurdal menighetshus.
Les meir
|

Under Bjørgo-jubileet på Valdres Folkemuseum 9. oktober lanserte Kvitvella Forlag boka med utvalde dikt av Trygve Bjørgo.
Les meir
|
|
Bjørgo-kveld, Bjørgo-dikt og tur til Øvre Rotvasstølen utgjer Nord-Aurdal Mållags markering av 100-årsjubileet for Trygve Bjørgo. Det var han som tok initiativ til å starte Nord-Aurdal Mållag i 1964, då han nett var komen til Valdres att, som fyrste rektor på det nystarta Valdres gymnas.

Les meir
|

Juli 2015: Kvitvella Forlag – forlaget til Nord-Aurdal Mållag – lanserte Olav Norheims bok Susen av Garlistuten på Valdres Folkemuseum under fyrste dag av Landskappleiken.
Les meir
|
|

I år er det Friluftslivets år, og måndag 20. april kl 19 inviterer Nord-Aurdal Mållag til open allsongkveld med glade vårsongar i Aurdal menighetshus.
Les meir
|
I år er det Nord-Aurdal Mållag som arrangerer årsmøtefesten til Valdres Mållag, og det blir ein heil liten kulturkveld på Valdes Folkemuseum sundag 1. mars kl. 18.00 til 21.00.
Les meir
|
|
Når Nord-Aurdal Mållag samlast til årsmøte tysdag, kan laget oppsummere at det på ny har hatt eit svært aktivt år. 50-årsjubileet var ein viktig grunn. Årsmøtet er i møterommet til laget i Gulbygningen på Leira, tysdag 3. februar kl. 19.00 til 21.30.
Les meir
|

På tampen av jubileumsåret kunne Bjørn Karsrud presentere 50-årssoga til Nord-Aurdal Mållag, Reint som gull. Nord-Aurdal Mållag 1964–2014. Boka inneheld fyrst og fremst lagshistoria, men ho er også ei interessant reise gjennom ein del av språk- og kulturhistoria i kommunen, frå midten av 60-talet og fram til i dag. For laget har ikkje berre vore eit mållag. Det har også vore eit "kulturlag", som har sett det som si oppgåve å drive fram og spegle av den folkelege kulturen i kommunen.
I Valdres kan du kjøpe boka hos Libris Fagernes, hos Coop Extra Fagernes og hos Notabene i Amfi Valdres på Leira.
|
|

Laurdag 22. november kl. 11–16.30!
For fjerde gong arrangerer Nord-Aurdal Mållag, Nord-Aurdal folkebibliotek og Libris Fagernes bokdag i kulturhuset på Fagernes. Det blir bokprat med Kjartan Fløgstad og Espen Søbye, Toril Brekke, Johnny Brenna og Sigbjørn Mostue - og ikkje minst har dei lokale forfattarane fått sin eigen time til å presentere bøkene sine.
Mållaget driv bokkafé og salsdisk med eigne bøker, bokhandelen sel bøkene til forfattarane som er til stades, og dessutan er det barneteater i biblioteket.
Program (PDF) eller klikk på Les meir.
Les meir
|
25. oktober feirar me at Nord-Aurdal Mållag er 50 år i år. Alle mållagsvenner er inviterte til ei flott og uhøgtideleg feiring av ein frisk og rask jubilant.
Les meir
|
|
25. oktober feirar me 50-årsjubileet som skulle ha vore feira 18. februar - eller kanskje skulle me ha feira 100-årsjubileum? Eit godt program blir det iallfall på Valdres Folkemuseum denne kvelden, frå kl. 18.00. Hugs å melde deg på innan 17. oktober!
Les meir
|
På årsmøtet i Nord-Aurdal Mållag 18. februar kunne styret fortelja om stor aktivitet i Språkåret 2013.
Les meir
|
|
Nord-Aurdal Mållag inviterer til open allsongkveld med Prøysen-songar i Aurdal menighetshus måndag 24. mars.
Les meir
|
Nord-Aurdal Mållag har årsmøte i Åbjør grendehus tysdag 18. februar kl. 19.00–21.30.
Les meir
|
|
Nord-Aurdal Mållag auka medlemstalet med 18 i 2013, frå 85 til 103. Det er ein auke på 21 prosent. Året før auka medlemstalet frå 55 til 85, dvs. med 54 prosent.
Les meir
|
Laurdag 18. januar 2014 får Valdresbiblioteka besøk av to av dei mest spennande kvinnelege forfattarane her i landet for tida, Agnes Ravatn og Kjersti Annesdatter Skomsvold. Arrangementet med Agnes Ravatn er eit samarbeid mellom Nord-Aurdal Mållag og Valdresbiblioteka.

Les meir
|
|
– Dialektrocken, med Åge Aleksandersen og Vømmøl i spissen, førte til ein språkleg revolusjon i Noreg. Populære songtekstar på dialekt opna for at folk i by og bygd torde å bruke dialekta si i alle samanhengar. Det seier Bjørn Karsrud i Nord-Aurdal Mållag.
Les meir
|
Nord-Aurdal Mållag slår på stortromma i samband med Språkåret 2013 og har invitert radarparet Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland til Valdres. Laurdag 14. september kl. 19.00 blir det konsert i kulturhuset på Fagernes.
Les meir
|
|
– Kvifor eg tok til å skriva? Av di eg ikkje kunne la vera. Eg måtte vera tildelt den lagnaden.Ein av dei mest markante Valdres-forfattarane gjennom tidene, Knut Hauge (1911–1999), ville fylt hundre år i år. Komiteen for Knut Hauge-jubileet i 2011 inviterer deg til hundreårsmarkering på Valdres Folkemuseum, tysdag 31. mai klokka 15.00. Alle er hjarteleg velkomne! Les meir
|
Nord-Aurdal Mållag har i ein del år drive eit ganske konkret og lokalt målarbeid ved å gje ut helsingskort med nynorsk tekst. Då dette etter kvart gav oss betre økonomi, fann me ut at me ville prøva å gje ut ei lokal barnebok og stifta då Kvitvella forlag, som altså er namnet på Nord-Aurdal mållag sitt forlag.
|
|
I samband med at det den 31. mai 2011 er 100 år sidan den store Valdres-forfattaren Knut Hauge vart fødd, gjev me i år ut ei barnebok av Knut Hauge. Les meir
|
Olav Gullik Bø, tidlegare lærar på Valdres vidaregåande skule, har skrive mykje, mellom anna fleire diktsamlingar, og han ville gje ut Stevleik på forlaget vårt. Les meir
|
|
I 2005 gav me då ut ei lokal barnebok, Museguten Zakkarias, eventyret om ein liten musegut i blå olabukse med raud bot i baken. Les meir
|
Me gjev og ut Pekka, ein einakter av Olav Gullik Bø. Det er eit skodespel for barn, og det er bygt på Knut Hauge si bok: Pekka, elva og eventyret. Les meir
|
|