FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: aukan08 @ gmail.com

Aktuelt Gamalt Årsmøte Du mitt Nordmøre Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Prosjektpresentasjon

 (24.10.2007)

Med borna og språket i sentrum

Målet med prosjektet
Hovudmål
Leggje grunnlaget for at elevane i Sunndal skal bli reelt tospråklege
Kjernen i prosjektet: Nynorsk som levande bruksspråk knytt til lokal kultur og språktradisjon.

Delmål
Synleggjere nynorsken som bruksspråk
- Skape auka toleranse for NN og nynorskbrukarar.
- Auke tilliten til eige språk og kultur.

1. Bakgrunnen for prosjektet på Nordmøre
Språk- og kultursituasjonen :
 Vil gjerne slå fast at vi har ein kulturinvasjon som og vedkjem språket. Barbie-kultur, Pokemon, MTV, motepress, engelsk generelt og i forretningsspråk, engelske uttrykk i dataspråk og utlysingar, angloamerikanske nemningar på stillingar m.fl. Korleis skapar vi ein kulturbarnehage som er ei motvekt mot dette?
Kva kultur er det vi ønskjer at barna våre skal læra? Kvar hentar barna opplevingar frå?
 Både bokmål og nynorsk i skulane i Sunndal og elles på Nordmøre. Bokmålet dominerer som synleg bruksspråk.
 Det er registrert ei meir positiv haldning til nynorsk i mange delar av Sunndalssamfunnet : Kommunestyret, tilsette i kommunen, barnehagane, skulane , avisene, underskriftsaksjonen i 2005. (Næringslivet?!)
 Mange i det off.(og elles) er ”offer” for manglande opplæring i norsk ved at dei føler at dei ikkje kan begge målformene godt nok til å bruke dei. (Derfor er kurs i praktisk nynorsk aktuelt.)
 Nynorsk er pressa
Døme: 1.” Her bor jeg” på barneromsdørene
2.Uttrykk for manglande språkleg medvit : Brev frå ymse instansar i kommunen til ungar/heimar i barnehage / skule som brukar nynorsk kjem på bokmål.

Bakgrunnen generelt
All offentleg språkpolitikk slår fast at elevane skal lære både nynorsk og bokmål og at sidemålet ( nynorsk for fleirtalet) skal introduserast tidleg i opplæringa.
Stadfesta bl.a i brev frå Utdanningsdirektoratet 2.6.2006

2. Arbeidsområde og tiltak
Arbeidsområde
- Vi prioriterer barnehagar og småskuletrinn i språknøytrale kommunar, primært dei med både bokmål og nynorsk i skulen, og nynorskkommunen Surnadal.
Det er naturleg å ta kontakt med krinsar der det har vore folkerøysting om språk siste året. Det gjeld Sunndal (Gjøra og Løykja) og Aure.
- Vi vil og nå barne- og ungdomstrinnet på interesserte skular i same området. Tustna
og Rindal er spesielt aktuelle fordi dei kom i gang med positive sidemålsforsøk (”Åndalsnesmodellen”) i januar 2006.

Tiltak
Det naturlege er å gjere kjent og ta i bruk materiell som finst. Ta i bruk nynorsk litteratur, songar på nynorsk og dialekt, nettet der det er mange tilbod som folk ikkje veit om. For at du som lesar kan gjera ein aktiv innsats kjem nokre eksempel.

(Lesesenteret UiS: Språkstimulering gjennom leseaktiviteter Barns møter med bøker er verdifulle. Leseaktiviteter gir opplevelser og skaper umiddelbar glede. I tillegg ligger det stor verdi i den språklige samhandlingen som lesingen fører med seg. Systematisk språkstimulering i førskolealder har svært mye å si for barns språkutvikling.)

Grunnlaget for tankegangen er Pirion som er ei stifting for kulturbarnehagen og gjev ut tidsskriftet Pirion særleg for det pedagogiske personalet i barnehagen og småskulen. Det er tilgjengeleg på , http://www.pirion.no/. Sentralt er det som står i brosjyren:Les for meg! Syng for meg! Fortel for meg! Jf.og det Audun og ungane har vist her i dag.
Pirionkurs er kurs i kulturformidling i barnehagen

Song
Blant songboktilboda er tre bøker høgaktuelle.
”Enno så segla ho Magnill ” er framleis å få kjøpt bl.a. gjennom mållaga på Nordmøre.
Meland Mållag har gjennom Selja Forlag gjeve ut boka ”Syng sjølv”, også med CD.
Det norske samlaget gav for nokre år sidan ut ” Song for deg og meg” med Odd Nordstoga som redaktør.
I tillegg til dette skal Aasentunet i Ørsta presentere ei songbok på nettet 6.nov. På http://www.aasentunet.no/default.asp finn du både songar og andre aktuelle tilbod til born, eks. http://www.tunkatten.no/

Litteratur
Aktuelt å nemne barnebokklubben Blåmann som gjev ut nynorskbøker . Som velkomsttilbod kan du få ” Song for deg og meg”, meir finn du på http://www.blamannbok.no/.
Eit anna tilbod som viser oversikt over aktuell barnelitteratur, er ei oversikt Alversund Mållag har laga , den finst på /files.zetta.no/www-nm-no/_filer/lesetipshefte.pdf. (27 sider).
Biblioteka er aktuelle samarbeidspartnarar for å få fram god litteratur.
Både i barnehagen og i skulen er behovet for bøker sterkt framheva. Det viser seg at det er for liten kunnskap om at det faktisk finst mange gode barnebøker på nynorsk. Barnebokutstillinga Noregs Mållag vil kunne vise fram nynorske barnebøker for foreldre og lærarar.
Når det gjeld lesestoff er Norsk barneblad aktuelt, meir om det på http://www.norsk-barneblad.no/.
I tillegg må forteljartradisjonen haldast i hevd, det er mange segner, eventyr og forteljingar på Nordmøre, også i Sunndal.

4. Skulering ( aktuelle alternativ)
 Kurs med grundig innføring i enkelte av dei tilboda som er nemnt her. På januar blir det kurs om ”Enno så segla ho Magnill”
 Pirion-kurs med Ingeborg Mjør eller andre
 Barnehageløftet har store midlar som det kan søkjast på.
 Songdag med Unni Boksasp
 Kurs i praktisk nynorsk for barnehagetilsette med mål om bruk av nynorsk i info frå barnehagen, serleg i kretsar med nynorsk hovudmål.

5. Dei språknøytrale kommunane er aktuelt arbeidsområde
primært dei med både bokmål og nynorsk i skulen, og nynorskkommunen Surnadal.

Mål :
- Nynorsk meir synleg i utoverretta informasjon, annonsar og sakspapir.
- Sikre at surnadalingane held på nynorsken både kommuneadministrasjonen
og i skulen.

Tiltak:
Møte med kommunane for å få dei til å sende ut meir informasjon på nynorsk
Få kommunane til å bruke meir nynorsk ved t.d. å tilby kurs i nynorsk for tilsette og utarbeide målbruksplanar.

Budsjett
Det er 90 000 kr til disposisjon. Noregs Mållag har ytt 40 000 kr, og både kommunar og andre har gjeve store og små tilskott. I tillegg til lønsmidlar er det sett av pengar til kurs, materiell og rådgjevarhjelp. Det viser seg at dei som har pengar til slike tiltak, ser verdien og løyver pengar.

Fordi Nordmøre Mållag har teke initiativ til denne satsinga, har vi i samarbeid med Noregs Mållag fått eiga heimeside på https://www.nm.no/lag/nordmoremallag/
Der blir det lagt ut informasjon om det som skjer innan laget framover. Der vil alle kunne halde seg orientert om stoda både i prosjektet og andre saker som gjeld mållaget.

Styret trur at prosjektet skal kunne setje ”Nynorsk for alle” på dagsorden på ein positiv måte.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS