FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: aukan08 @ gmail.com

Aktuelt Gamalt Årsmøte Du mitt Nordmøre Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Rapport for prosjektet «Nynorsk for alle» 2007-08

 (15.01.2009)

Prosjektet vart formelt igangsett i august 2007.
Rapporten er sendt til Noregs Mållag og til dei som har støtta oss økonomisk.

Grunnlag for prosjektet
• Arbeidet som tidlegare har vore gjort i samband med «Enno så segla ho Magnill» (kom ut i 2005) og kontakt med kommunar og aviser om språkbruk ( 2005 og seinare).
• Støtte frå Noregs Mållag på 40.000 kr.og Nordmøre Mållag har sett av 10.000 kr.
• Prosjektplan som er å finne i søknaden til Noregs Mållag datert juni 2008.
Planlagte arbeidsområde:
• Barnehagane og skulen.
• Dei språknøytrale kommunane, primært dei med både bokmål og nynorsk
i skulen, og nynorskkommunen Surnadal.
• Barne- og ungdomsskulane.
• Avisene.
• Næringslivet.
• Tiltak i organisasjonsarbeidet
Vedlegg 1: Søknaden til Noregs Mållag

Økonomi
Prosjektleiaren var tilsett i 9 % stilling i eit år frå 1.aug.2007, dvs. ca. 45000 kr i totale kostnader til løn og sosiale utgifter.
Det vart totalt budsjettert med 90000 kr., dvs. støtte utanfrå på 40 000 kr.. Løyvd støtte vart 57.500 kr. I tillegg til dette er netto på boksal direkte knytt til prosjektet 11.500 kr. Summen utanfrå er da 69.000 kr., dvs. 31.000 kr. over budsjett. Det er sendt 15-20 søknader om støtte til bankar, forsikringsselskap, kommunar, fylket, energiselskap og musikkverkstadordninga.
Sjå vedlegg 2: Finansiering 2007-2008
3 Rekneskapnotat. Revidert rekneskap kjem seinare.

Oppstart i Sunndal
• 11.09. var det møte med aktuelle barnehagar der språksituasjonen vart kommentert i prosjektorienteringa.
Det kom fram interesse for å skaffe Syng sjøl, songboka Meland Mållag har gjeve ut.
• Pressekonferanse i Øksendal oppvekstsenter med presentasjon av prosjektet, pressemelding utsendt på førehand . Bra dekking i dei tre lokalavisene. På auraavis.no:
http://www.auraavis.no/kultur/article3076150.ece
Vedlegg 4: Pressemelding om prosjektoppstarten
• Enno så segla ho Magnill selt 30 eks. til Sunndal kommune.( 7500 kr.i ekstra tilskott)

Arbeid som er gjort seinare
• Idesamling og kontakt med ymse aktuelle kontaktar.
• Syng sjøl innkjøpt for vidare sal. Selt 78 bøker og 66 CD-ar. ( 14 att for seinare sal)
• Nordmøre Mållag har eiga nettside under nm.no der det er lagt ymse aktuell info: https://www.nm.no/lag/nordmoremallag/
• Songkurs for barnehage- og barneskulelærarar vart arrangert 10.jan. Med 17 delt. Instruktørar frå Sunndal Kulturskule. Kurset vart så godt motteke at det må takast oppatt andre stader og. Musikkverkstadordninga ga 8000 kr. i støtte til kurset . Sjå http://www.mvo.no/ for meir om ordninga. Det er laga ein DVD på 4 min.45 sek. frå kurset.
Kursdeltakarane fekk ettersendt matnyttig info om nynorske nettstader .
Vedlegg:
5. Innbyding til songkurs
6. Pressemelding om kurset
7. Songkurset på Sunndalsøra 10.jan. 2008 – Ettersending av notat
• Det har vore orientert om prosjektet på fleire møte og ved skriftleg info.
• Førebels melding om prosjektet vart lagt fram for årsmøtet i Nordmøre Mållag og seinare sendt Noregs Mållag. Bakgrunnsstof og anna stoff om prosjektet er laga og lagt fram på årsmøtet i Noregs Mållag.
• Planlegging av og innbyding til seminar om avisspråket i Molde 13.mars. Det vart arrangert i samarbeid med Romsdal Mållag
Vedlegg:
8. Innbyding,
9. Pressemelding
10. Førehandsomtale i nettutgåva til Romsdal Budstikke :
http://www.rbnett.no/article/20080311/KULTUR/691939517
11 .Rapport utarbeid til M & R fylke som støtta seminaret med 8000 kr.
• Det har vore kontakt med Aasentunet om nettsongboka og informasjon om den.
• Tre pressemeldingar: Oppstarten på prosjektet, songkurset og seminaret om avisspråk.
• Telefonkontakt med folk i oppvekstetaten i fleire kommunar og utsending av aktuell informasjon
• Nordmøre Mållag har eiga nettside under nm.no der det er lagt ymse aktuell info: https://www.nm.no/lag/nordmoremallag/
• Prosjektleiaren har hatt jamn og nyttig kontakt med kontakten i styret i Noregs Mållag, Berit Rekve.

Prosjektleiaren har delteke på
• Haustseminar i Noregs Mållag
• Styremøte, årsmøte og møte med lokallaga i Nordmøre Mållag
• Møte på Vestnes mellom dei 3 fylkesmållaga i M & R.
• Arrangement med utdeling av støtte: Gjensidige N & Romsdal, Kleivakveld ( utdeling frå Kleivafondet/Surnadal kommune)
• Årsmøtet i Noregs Mållag: Det vart vist info.materiell om prosjektet.

Vurdering/evaluering
1. Måloppnåing
Det viser seg at arbeidet som blir gjort blir sett pris på. Nordmøre Mållag har fått signal både frå avis-, skule- og kommunehald om at det vi gjer, er bra kulturarbeid.
2. Det har vore lett å få kontakt med målgruppene. Argumentasjonsmåten har vore prega av inkludering og dialog, alle har rett til å få aktiv del i den norske skriftkulturen tidleg og på ulike måtar. Dette har fungert bra både andsynes barnehage/skule, aviser, kommunar og dei som har støtta prosjektet med pengar. Det viser seg ved at redaktørane på seminaret om avisspråk er svært positive til nynorsk i avisene. Redaktørane i to lokalaviser ( Aura Avis og Driva) har teke i bruk nynorsk i mange leiarartiklar og kommentarar. I Aura Avis er det ønskje om å få journalist som skriv nynorsk, redaktøren seier at det er ein del av samfunnsansvaret avisa har å sleppe til nynorsken. Redaktøren i Tidens Krav i Kr.sund er glad for at fleire av journalistane alltid eller av og til brukar nynorsk.
Næringslivet har vi ikkje vore innom. Tiltak for lokallaga har heller ikkje vore prioritert slik at ein har fått gjort noko nemnande.
3. Derfor bør vi i oppfølgjingsarbeidet finne måtar å utvikle lokallaga på. Dvs. å setje visse organisatoriska mål både med tiltak, medlemsverving og få aktive tillitsfolk. Med det positive omdømme vi trur vi har, bør det vera naturleg å lykkast.
4. Vi ser at tolmod er nødvendig, arbeid over tid gjev best resultat. Da får ein laga seg eit omdømme ein er tent med og tankane våre får modnast hos målgruppene. Derfor er det og ønskjeleg at slikt prosjektarbeid bør gå over fleire år og utvidast om det er mogleg å få det til. Da vil ein lettare kunne ta arbeidstoppar og få høve til å evaluere og justere kursen undervegs.
5. Prosjektstyring. Det er ein stor fordel at det er eit aktivt styre slik at prosjektet blir godt styrt og at prosjektleiaren har nokon å spele ball med.



1. Nynorskkurs for lærarar og kommunale byråkratar i Sunndal på oktober ( 56 delt.)
2. Etter framlegg frå lokallaget og prosjektleiaren er skriftkultur på veg inn i den kommunale kulturplana i Sunndal.
3. Samtalar med politiske parti i to kommunar om vilkåra for skriftkulturen i kommunane. Prosjektleiaren reknar med å få møte med kommunestyregruppene/styra i partia.
4. Det er konkrete planer om seminar primært for å få kommunane til å sjå ansvaret dei har for skriftkulturen: Skriftkultur – styrt eller i fri flyt? Dette er tenkt for kommunale byråkratar (kultursjefar), avisfolk o.a. ( reiseliv t.d.) i samband med Vårsøghelga 2009. I denne samanhengen vart det prøvd å få kome inn på møte med ordførar- og rådmannskollegiet or Nordmøre på november utan å lykkast.
5. Planlegging primært av leseprosjekt i lag med to styremedlemmer i Surnadal 13.des. 2008
6. Møte med styrarane i barnehagane og barneskulane i Surnadal kommune 9.februar 2009.
7. Kurs i Aure 13.feb. 2009 med nynorske songar/songleikar og presentasjon av nynorske barnebøker og nettstader .


Ålvundfjord 6.januar 2009


Liv Krumsvik, leiar i Nordmøre Mållag

____________
Nils Ulvund, prosjektleiar
nils.ulvund@sunndals.net

Interesserte kan få vedlegg tilsendt ved å kontakte prosjektleiare.

Vedlegg :
Generelt om prosjektet
1. Søknaden til Noregs Mållag
2. Finansiering 2007-2008
3. Rekneskapnotat. Revidert rekneskap kjem seinare
4. Pressemelding om prosjektoppstarten
Songkurset
5. Innbyding til songkurs
6. Pressemelding om kurset
7. Songkurset på Sunndalsøra 10.jan. 2008 – Ettersending av notat
Seminaret om avisspråk
8. Innbyding
9. Pressemelding
10. Førehandsomtale i nettutgåva til Romsdal
11. Rapport

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS