FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: aukan08 @ gmail.com

Aktuelt Gamalt Årsmøte Du mitt Nordmøre Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Første kurset

 (25.01.2009)

Denne artikkelen stod i Norsk Tidend

Lærde å bruke dialekt

SUNNDAL: – Det er berre lærarar som dansar reinlender klokka halv ti på morgonen, ler Ann Hilde Leirvik. – Ingen andre yrkesgrupper gjer det.

Kjell Ove Holsbøvåg

Stemninga var høg, og songen rein, i Støgu på Sunndal kulturhus då 17 tilsette frå ni skular og barnehagar i Sunndal, Halsa og Gjemnes samla seg til kurs i regi av Nordmøre Mållag andre veka i januar. Målet var å lære songar, rim og regler – framført på si eiga dialekt – til bruk i sitt arbeid. Dei blei både sunge, leika, dansa og ikkje minst rappa...
Kurset, som er det fyrste i sitt slag, er ein del av prosjektet «Born og språk», som vidare er ein del av prosjektet «Nynorsk for alle» på Nordmøre. Det tek utgangspunkt i materiale frå songbøkene «Syng sjøl» og «Enno så segla ho Magnill».

Nøgd med deltaking
Det er tvillaust songboka «Enno så segla ho Magnill» som er ryggraden i det heile. Like før den vart utgjeven, var det arrangert eit pirionkurs der Gro Kjelleberg Solli fekk spørsmål om ho ikkje kunne tenkje seg å syngje inn nokon av dei melodiane som var samla her. Det kunne ho, og CD-en som følgjer med, gjer det enklare for alle å gjere seg kjent med dei tradisjonelle songane.
– Med tanke på kor vanskeleg det kan vera å skaffe vikarar midt i den verste omgangssjuketida, er eg nøgd med at det er 17 påmeldte, seier initiativtakar Nils Ulvund. Tidlegare leiar i Noregs Mållag og Nordmøre Mållag. Fleire har gjeve uttrykk for at dei ynskjer å vere med, men kunne ikkje denne gongen. Nils Ulvund har sjølv sett tittelen «med song skal skrifta lærast» på kurset.

Mange ressursar
– Eg trur at om dette hadde ligge innanfor det vanlege kurstilbodet for skule- og barnehagepersonell, ville det vore 50-60 deltakarar, seier Nils Ulvund, som og ynskjer å kunne gje dette kurstilbodet til dei på ytre Nordmøre. Men i fyrste omgang var heimkommunen «prøveklut». Kurshaldarar er Audun Gikling og Lone Eines, med Øystein Sandbukt som akkompagnatør. Alle tre er tilsette ved Sunndal kulturskole. Sjølv er Nils Ulvund tilretteleggar, med 120 timar dette året betalt av mellom anna mållaget, egna til arbeidet.
– Noreg er eit tospråkleg skriftsamfunn, og skuleverket skal legge til rette for at alle skal lære språket, seier Nils Ulvund, som legg til at i tillegg til dei bøker som vert bruka, er det mange ressursar å hente på nettet.
– Målet er at dei som deltar skal lære å nytte si eiga dialekt – enten dei kjem frå Grong eller Valsøyfjord. Ei tilnærming til skriftspråket er det uansett.

Bilettekst: Øystein Sandbukt akkompagnerte, medan Gerd Leivdal og Jorid B. Humstad frå Gjemnes dansa seg forbi. (Foto: Kjell Ove Holsbøvåg)

Bilettekst: Lone Eines og Audun Gikling frå Sunndal kulturskole var lærarar. (Foto: Kjell Ove Holsbøvåg)

Nils Bjørsvik
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS