FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: aukan08 @ gmail.com

Aktuelt Gamalt Årsmøte Du mitt Nordmøre Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Nynorsk for alle – Nordmøre Mållag si satsing i jubileumsåret

 (23.10.2007)

(Artikkelen er henta frå Du mitt Nordmøre 2007)

I 100 år har Nordmøre Mållag arbeidd for at det på Nordmøre skal vera rom for heile det norske språket - nynorsk , bokmål og dialektane.

For å styrkje nynorsken som bruksspråk har sentrale arbeidsfelt har vore skulen, det offentlege elles og arbeid for at avisene skal sleppe til nynorskskrivande journalistar meir.

Dei siste åra har mykje arbeid vore retta mot born, og i den samanhengen har det vore aktiv kontakt med dei fleste kommunane på Nordmøre.
Boka ”Enno så segla ho Magnill” vart utgjeven i 2002 etter ein stor innsats av Kirsti Orheim Ås. Boka har songar, rim og regler for born, og CD er vedlagt. Boka vart godt motteken da ho kom og er teken i bruk på ymse måtar på alle trinn i grunnskulen og utanfor bl.a. av foreldre, skulekorps og barnekor.
Med initiativ frå Nordmøre Mållag er det blitt halde tre kurs for barnehagepersonell for å fremje bruk av det verdifulle kulturstoffet boka representerer.

I 2005 hadde Nordmøre Mållag eit lærarkurs om positive sidemålsforsøk med nynorsk som sidemål. Det førte til at det ved to skular kom i gang forsøk der laget støtta innkjøp av nynorskbøker. Andre skular kjem etter.

I jubileumsåret og vidare framover skal Nordmøre Mållag følgje opp arbeidet som har vore gjort.
Det viktigaste er vidare satsing overfor born, vi skal setje borna og språket i sentrum. Det andre er samarbeid med kommunane i språkspørsmål.

Prosjektstilling
Årsmøtet i mars vedtok å opprette ei deltids prosjektsstilling i eitt år. Den kom i gang no i haust.
Tanken bak satsinga er: Hovudmålet med språkopplæringa i skulen er at alle skal bli tospråklege ved å lære både nynorsk og bokmål og såleis vera reelt i stand til å velje skriftleg målform. Slik det er i dag, viser praksis at elevar som har nynorsk som hovudmål i skulen, lærer både nynorsk og bokmål så godt at dei utan vanskar kan skifte mellom målformene. Bokmålselevane kan ikkje det fordi dei møter nynorsk i for liten grad både i sidemålsundervisninga og elles på skulen. Og sjølv om nynorsken er i medvind på enkelte område utanfor skulen, opplever alle stor overvekt av bokmål.
Resultatet blir da at ein stor del av elevane ikkje får del i heile den norske språkarven dei har rett på. Derfor er det behov for Nordmøre Mållag si satsing på ymse samarbeidstiltak med kommunane framover.

Barnehagen og småskulen
Dette er det området som er sterkast prioritert.
Målet er at borna skal møte ulike dialektar og nynorsk normert språk slik at dei blir kjent og fortruleg med dei skriftlege målformene og dialektmangfaldet. Samstundes vil vi at dei skal utvikle tillit til sitt eige språk.
Det finst altfor mange døme på uttrykk for manglande språkleg medvit og kompetanse: Brev frå fleire kommunale instansar til ungar og heimar i barnehage og skule kjem på bokmål, sjølv om skulen brukar nynorsk. Dette viser behov for endring av haldningar og kompetanse i høve til språket.
Det er forståeleg at det finst eksempel på at born som har nynorsk i skulen skriv på døra si heime: ” Her bor jeg”. Det viser at den språklege sjølvtilliten er borte. Grunnlaget må leggjast medan borna er små.

I barnehagen er det naturlege er å ta i bruk materiell som finst. Dette kan vere nynorsk litteratur, songar på nynorsk og dialekt og Internett med mange tilbod som folk ikkje veit om.

Blant songboktilboda er tre bøker høgaktuelle. ”Enno så segla ho Magnill ” er framleis å få kjøpt bl.a. gjennom mållaga. Meland Mållag har gjennom Selja Forlag gjeve ut boka ”Syng sjølv”, også med CD. Det norske samlaget gav for nokre år sidan ut ” Song for deg og meg” med Odd Nordstoga som redaktør. I tillegg til dette har Aasentunet presentert ei songbok på nettet omkring 6.nov. På http://www.aasentunet.no/default.asp finn du både songar og andre aktuelle tilbod til born. www.tunkatten.no er ei side om katten Lurivar.
Av aktuell litteratur er det mest aktuelt å nemne barnebokklubben Blåmann som gjev ut nynorskbøker. Som velkomsttilbod kan du få ” Song for deg og meg”, meir finn du på http://www.blamannbok.no/. Eit anna tilbod som viser oversikt over aktuell barnelitteratur, er ei oversikt Alversund Mållag har laga , den finst på /files.zetta.no/www-nm-no/_filer/lesetipshefte.pdf

Når det gjeld lesestoff, er Norsk barneblad aktuelt, meir om det på http://www.norsk-barneblad.no/. I tillegg må forteljartradisjonen haldast i hevd, det er mange segner, eventyr og forteljingar på Nordmøre.
Pirion er ei kulturavis særleg for det pedagogiske personalet i barnehagen og småskulen. Det er tilgjengeleg på http://www.pirion.no/.

Ungdomsskulen
Det mest aktuelle tiltaket ein kan få i gang på ungdomstrinnet, er at bokmålselevane får møte nynorsken ved at dei har nynorsk lærebok i anna fag enn norsk. På mange skular er det sjølvsagt at arbeidsplanene vekslar mellom språkformene.

Kursing
Borna treng medvitne vaksne når dei skal utvikle språket og haldningane til språket. Når vi veit at det skortar både på haldningar og kunnskap i og om språk, blir det ei interessant utfordring å få til etterutdanning som fungerer. Det finst gode kurstilbod om kulturbarnehagen der song, forteljing og lesing er sentrale emne. Grunnlaget er likevel foreldra sin innsats for at borna deira skal få del i den rike barnebok- og songskatten som finst.

Tidsomfang
Plana er eit år, men det er ønskjeleg med oppfølgjing , t.d. ved at skular og barnehagar får med fleire rådgjevarar frå aktuelle fagmiljø enn det ein kan rekkje over på eitt år.

Budsjett
Det er 90.000 kr. til disposisjon. Noregs Mållag har ytt det meste, og både kommunar og andre har gjeve store og små tilskott. I tillegg til lønsmidlar er det sett av pengar til kurs, materiell og rådgjevarhjelp. Det viser seg at dei som har pengar til slike tiltak, ser verdien og løyver pengar.

Fordi Nordmøre Mållag har teke initiativ til denne satsinga, har vi i samarbeid med Noregs Mållag fått denne heimesida.

Her blir det lagt ut informasjon om det som skjer innan laget framover. Der vil alle kunne halde seg orientert om stoda både i prosjektet og andre saker som gjeld mållaget.

Styret trur at prosjektet skal kunne setje ”Nynorsk for alle” på dagsorden på ein positiv måte.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS