FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nordmøre Mållag
Kaibakken 11
6630 Tingvoll
E-post: aukan08 @ gmail.com

Aktuelt Gamalt Årsmøte Du mitt Nordmøre Prosjekt Nynorsk for alle Aktivitetar Bokhandelen Om oss Kontakt oss

Bøker frå Nordmøre

Her kan du finne eit lite utval av bøker og hefte som er gitt ut av mållag på Nordmøre.

"No skin det sol i høgste Svealiå"
skreiv diktaren Hans Hyldbakk fredsvåren 1945. Han vart over 100 år før han opplevde tusenårsskiftet. Men før det hadde komponisten Henning Sommerro gjort både ”Vårsøg” og andre av dikta hans landskjente og populære. Surnadal Heimbygdlag gav i 1990 ut samlinga ”Vårsøg” med omkring 350 av dikta hans frå 1929 til midt på 1980-talet, 464 sider for 295 kr

Eit utval av dikta i ”Vårsøg” er samla i ei lydbok, somme er lesne av diktaren sjølv. Sidan dette er ”gammaldags” lydband, får du lydboka for 50 kr.

Men Hans Hyldbakk var ikkje ferdig med å dikte, så i 1998, til 100-årsdagen hans, kom ”Lauvfall” ut.

Boka er på 86 sider og kostar 75 kr

”No syng han våren. Enno blir det liv.
Vårherre står her med sitt positiv
og spelar no til song og gammeldans
for unge sjeler og for gamle Hans,”…
skreiv hundreåringen og språkkunstnaren.
Frå restopplaget av den sjølvbiografiske boka hans, Agent 184, sel vi bøker for 50 kr stk.

Årboka "Du mitt Nordmøre" 1998 frå Nordmøre Mållag var eit spesielt Hyldbakk-hefte.
Det får du også herifrå for 50 kr.

Biletboka om Surnabanen – som aldri vart bygd – sel vi for 50 kr.

I 2006 gav Surnadal Heimbygdlag ut
Jørgen Gravvold: Ville blomstra.
Boka inneheld eit hundretals utvalde dikt, bortimot halvparten med melodiar av han sjølv og av Henning Sommerro og andre nordmørskomponistar (notar med besifring). Boka kostar 200 kr.

Surnadal Heimbygdlag
Sverre Hatle, Gulla, 6650 Surnadal
tlf.71662133 e-post: sverhatl@online.no
Bankkonto: 4040.55.24637

Sverre Hatle
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS