FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 29. MARS 2017

Framside Om oss Kontakt Lokallaga i Rogaland Målprisen Arkiv

Målpris til Janove

 (02.10.2012)

Rogaland Mållag heidrar Janove Ottesen, vokalist i Kaizers Orchestra, med målprisen 2012.

– På ein ny, spennande og uredd måte har Ottesen og Kaizers fremja den tydelege jærdialekten langt ut over Jæren og Noregs grenser med musikken sin. Det gler eit kvart hjarte som trur på krafta i språket, heiter det i grunngjevinga frå Rogaland Mållag.

Prisen blei delt ut på Garborgsenteret måndag 1. oktober. Leiaren i Rogaland Mållag, Einar Schibevaag, påpeika at det var ein høveleg stad for utdelinga. Janove Ottesen har nemleg fortalt at Arne Garborg på mange måtar har vore ein føregangsfigur for bandet.

– At Janove ser på Arne Garborg som ein av dei mest kjende jærbuane i verda, gler oss sjølvsagt. Men grunngjevinga han nyttar er viktigare. Garborg fekk bodskapen sin fram, ikkje berre i Noreg, men i verda elles, sa Schibevaag.

Kaizers Orchestra har tidlegare donert 30.000 kroner til Garborgsenteret på heimstaden Bryne.

(NPK)
© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS