FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. JUNI 2017

Framside Om oss Kontakt Lokallaga i Rogaland Målprisen Arkiv

Om oss

Rogaland Mållag er eit fylkeslag i Noregs Mållag, og femner om Sør-Rogaland og Ryfylke (Haugalandet høyrer til under Karmsund Mållag).

Me har kring 1.000 medlemer og 15 lokallag, men alltid plass til fleire! Er du ikkje medlem, kan du melda deg inn på innmeldingssida åt Noregs Mållag. Er du framleis litt for ung og sprek til å vera med i mållaget, kan du melda deg inn i Norsk Målungdom i staden for.

Rogaland Mållag arbeider ålment med målsak i Rogaland. Me har mellom anna utval som arbeider med kvar sine aktuelle emne, me skipar kulturvandringar og seminar, og me deler kvart år ut ein målpris til nokon som har markert seg på ein positiv måte gjennom nytte av nynorsk og/eller målføre.

Her kan du finne eit oversyn over lokallaga i Rogaland.

© Noregs Mållag 2017 - Sidene laga av Zetta AS