FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Målpris til Bergljot Hjorthol

 (22.09.2009)

- Det er kjekt å få denne prisen. Eg veit eg er i godt selskap, sa Bergljot Hjorthol i NRK Møre og Romsdal då ho laurdag fekk Sunnmøre Mållag sin målpris for 2009.

- Eg har lagt vekt på å vere tydeleg, å bli forstått. Difor såg eg det som ein kompliment då ein fiskar på kaia i Ålesund sa om meg: ”Ho nye der oppe med dokke, ho e god å forstå”. Det var sjefen min då, Joakim Rønneberg, som fortalde meg det. Eg oppfatta det slik at eg nådde fram til fiskaren også når han var ute på havet, og det kanskje skurra litt i eteren, heldt Bergljot Hjorthol fram i takketalen sin.

Dugande og entusiastisk
Det var leiaren i målprisnmenda, Terje Aarset, som overrekte prisen. I grunngjevinga la han vekt på at vinnaren er ein dugande og entusiastisk programmedarbeidar og ein framifrå ordskifteleiar. Ho set seg alltid godt inn i sakene på førehand, ho er nøytral og objektiv, og ho lèt deltakarane sleppe til med meiningane sine utan å bli avbrotne i tide og utida, sa Aarset,

Eit føredøme
Han kom også med eit kritisk hint om NRK sine språkreglar då han sa følgjande: ”B. Hj. har ei god radiorøyst, framifrå tekstuttale og eit roleg taletempo. Ho er språkleg svært stø og nyttar ein levande og ledig normalisert nynorsk som kan vere eit føredøme for mange andre i ei tid der NRK har fått nye og meir liberale sråkreglar”.

Då Bergljot Hjorthol kom til NRK Møre og Romsdal i 1978 var det klare krav til normalisering av talespråket. – Det er eg glad for. Det normaliserte nrk-språket har vorte mitt talespråk, og det er eit greitt språk å ha.

Ho mintest også tida i Bergens Tidende, dit ho kom som lærling rett etter gymnaset. Den gongen laut ho skrive bokmål. Berre i spesielle samanhengar godtok redaktøren nynorsk, og då måtte det vere i-mål. (soli, døri, øksi, jordi osv.) Dermed bles ho i heile nynorsken, og skreiv berre bokmål, sa ho til slutt.

I Bergens Tidende er det ikkje slik i dag, men særleg i dei store oslo-avisene vert journalistane pressa inn i den same språklege tvangstrøya den dag i dag.

På bilete: Terje Aarset og prisvinnar Bergljot Hjorthol.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS