FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Nyskiping

 (26.08.2011)

25. august vart det skipa målungdomslag for Ålesund og grannekommunane.

Kristofer Olai Ravn Stavseng (leiar), Oda Stenberg, Christina Holmberg, Eline Rafteseth, Hallvard Steinhovden og Ingrid Nupen er med i det nye styre, og fleire kan kome til.

Styreleiaren fortel at han alt har namnet på 25-30 personar som vil melde seg inn i det nyskipa laget.

– Dei unge målungdomane har gjort eit grundig og godt førearbeid. Laget får 1000 kr frå både Noregs Mållag og Sunnmøre Mållag som starttilskot, melder leiar Terje Kjøde i Sunnmøre Mållag.

– Vi gratulerer dei flotte målungdommane, seier Kjøde.

På bilete: Kristofer Olai Ravn Stavseng til venstre, Christina Holmberg til høgre, og Vebjørn Sture frå Norsk Målungdom i midten.

Kristian Fuglseth
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS