FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2019

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Frårår endringar i stadnamnlova

 (03.07.2012)

Kulturdepartementet har kome med framlegg om endringar av paragrafane 6 og 8 i lova om stadnamn. Sunnmøre Mållag har sendt ei fråsegn der vi frårår endringane.

Fråsegna var vedteka på styremøtet i Sunnmøre Mållag 25. juni, som var halde i Spjelkavika.

Departementet grunngjev framlegga til endring med at dei vil føre til betre balanse mellom styresmaktene og eigarane sin rett til sjølve å ha innverknad på skrivemåten av namnet på eige bruk. Sunnmøre Mållag meiner at det korkje er behov for eller gode grunnar til denne endringa. Den noverande lova syter allereie for ein høveleg balanse.

Kulturminne
- Føremålet med stadnamnlova er m.a. å ta vare på stadnamn som kulturminne, skriv mållaget i fråsegna. Det har difor gjennom all tid vore samfunnet og styresmaktene sitt ansvar å halde i hevd nedervde gards- og bruksnamn og å gi dei ein forsvarleg skrivemåte

Prinsippet om at ein stad skal ha berre eitt namn og ei skriftform i norskspråklege område har stått sterkt. Difor er det ikkje ei privatsak korleis me i det offentlege romet bokstaverer namn på bruk, gardar, fjell, elvar, vegar, bruer og andre stadnamn.

Dømet Vik
Me ser ikkje at det finst gode grunnar til at Vik også kan skrivast Viig, Vig, Wiik, Viik osv. når det er stadnamn. Framlegget frå departementet opnar for slike dobbeltformer for same staden, t.d. at det på garden Vik ligg bruk som heiter Vig og Viik. Med familie- og slektsnamn knytte til staden, stiller det seg sjølvsagt heilt annleis. Det er ei privatsak.

Unngå forvirring
Dobbel- og trippelformer vil kunne føre til mykje strid og diskusjonar om skrivemåtar i offentlege dokument og på offentlege skilt. Dei ulike formene vil kunne føre til forvirring når t.d. redningsteneste, brannkorps og ambulansar skal rykkje ut, særleg ved bruk av GPS.

Les meir på Noregs Mållag sine nettsider

Kristian Fuglseth
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS