FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. MAI 2019

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Sunnmørsseminaret i Ulsteinvik første helga i november

 (30.08.2012)

Mållaget med stand på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik. No vert det haustseminar for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane
3. og 4. november skipar me i Sunnmøre Mållag til eit godt haustseminar i Ulsteinvik. Seminaret er for alle laga i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane. - Vi håpar på mange deltakarar.

Første helga i november bør du setje av til eit lærerikt og triveleg seminar på Quality Hotell i Ulsteinvik. Då skipar nemleg Sunnmøre Mållag nettopp eit haustseminar.

Mållaget med stand på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik. No vert det haustseminar for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane
F.v.: Ingvild Aursøy Måseide, Iselin Nevstad Øvrelid, Kristian Fuglseth og Terje Kjøde frå mållaget med stand på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik. No vert det haustseminar for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane

Tidlegare i haust hadde Sunnmøre Mållag stand under Trebåtfestivalen i Ulsteinvik.

- Etter seminaret skal deltakaren kjenne seg betre skodde og motiverte til å ta på seg leiar- og styreverv eller andre oppgåver. Programmet vil difor innehalde ein kunnskapsdel om målsaka si historie og stoda og oppgåvene i dag.
Me vil også ha med ein bolk om Språkåret 2013. Det vert også mykje underhaldning og god mat.

Seminaret startar laurdag 3. november rundt 11.30 - og varer til om lag 13.00 søndag.
Eigendel på kr 600, - pr. deltakar. Det dekkjer overnatting og alle måltid. Reisa må lokallaga/deltakarane dekkje sjølve.

Me kjem med meir og grundigare informasjon seinare, men oppmodar dykk om alt no å setje av helga 3. og 4. november. God sommar vidare.

Kristian Fuglseth
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS