FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. OKTOBER 2019

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Sunnmørsseminaret den 3. og 4. november

 (04.09.2012)

Påmeldingsfristen er 5. oktober. Seminaret er ope for alle, men spesielt mållagsmedlemmer på Nordmøre, i Romsdal, på Sunnmøre og i Nordfjord og Sunnfjord, samt dei to målungdomslaga på Sunnmøre vert oppmoda om å ta del. Programmet er underhaldande og variert, med mellom anna Kjetil Tandstad (t. v.), Ottar Grepstad og leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård (t. h.).

Sunnmørsseminaret vert halde på Quality Hotel Ulstein i Ulsteinvik frå laurdag 3. til søndag 4. november.

Les meir om programmet, påmelding og overnatting på seminarsida.

Eit vesentleg mål for seminaret er at deltakarane skal kjenne seg betre skodde og motiverte for å ta på seg leiar- og styreverv i organisasjonen. Me veit at mange meiner dei har for lite kunnskapar om målsaka og målrørsla til å ta på seg slike verv. Det som skremmer mest, er å fronte målsaka i diskusjonar, i media eller overfor kommunen og andre offentlege instansar.

Når deltakarane reiser heim frå seminaret, skal dei også kjenne seg betre budde til å føre vidare Gjennom ord blir verda stor, til å drive organisasjonsbygging, og dei skal sjå fram til å lage ei fin lokal markering av Språkåret 2013.


Les meir om programmet, påmelding og overnatting på seminarsida.

Styret i Sunnmøre Mållag vonar på stor deltaking.

Kristian Fuglseth
Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS